Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Ivar Ragde

Han Ivar Ragde stod læreturen på Lærdalsøyri. So låg der ein kvernstein der som ingen greidde å lyfta.

«No fær du syna ka kar du æ», sa han Oddmund Kvalviki.
«Naor ikkje andre graie da, so graie no visst ikkje eg da», svara han Ivar.

Men han Oddmund gav seg ikkje, han. So laut Ivar prøva, kosser. Og det var ikkje lenge bia før han hadde steinen på knei. Då skreik han Oddmund:

«No mao da gjedna koma ain sogning å leggja seg ùppao!»

Han Ivar Ragde og han Eiliv Eitrheim var om lag jamgamle. Ein gong tok dei eit tak i fjøset. Det rauk og det fauk, og det var ikkje mange heile grindene att då dei slutta. Dei var sterke karar, båe.

Han Samse Freim skulle ha belastemne med henne Eli Brattespe. So var han friardreng, han Ivar. Om kvelden heldt gutane henne Eli att ute i tunet, ville visst gøyma henne for friaren. Då sende Knut, faren, han Ivar ut skulle henta gjenta. Det var ikkje lenge bia før han hadde rudt tunet. So tok han henne Eli på armane og bar henne inn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *