Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Jo Djønno

Det er lenge no sidan han Jo levde. Men minnet om han har halde seg av ymse grunnar. Det eine var no den store styrken hans.

Ein gong var han i lag med grannane og strika ei fure or Djønno-skogen og ned åt fjorden. Det var eit stort tre, og dei skulle bruka det til stavlægja i ei løe. Han Jo la for sterkt evle i denne strikingi, og so sette fura seg fast i ein snøskavl. Han som skulle ha fura, gav Jo fantord for dette, og spurde honom korleis han tenkte seg å få fura laus att.

«Da ska du snart fao sjao», svara han Jo.

So bad han at dei fekk flyttes seg or vegen, og dermed drog han fura ut or skavlen åleine.

Dei bruka tynsleljå den tid han Jo levde. Dette var ljå som dei kveste med tynning (ikkje sliping). Til dette bruka dei ein hamar som dei kalla for tynslehamar. Det var husbonden sjølv som tynnte, og arbeidet gjekk for seg i smia om laurdagane etter middag. Dei var ikkje alle like hæve til å tynna, og ikkje var alt slag gras like lett å slå. Finntoppen var seig, og i solskin var han mest uvinneleg å rå med. Ein gong han Jo hadde slege upp ein teig og skulle sjå nedover bakken, då stod finntoppen like firren, han.

«Æ du tao da slagje so berre bukkar og helsar godag?» sa han Jo.

So var det den storke øyken hans. Jau, han åtte ein overlag sterk hest. Og dette kom vel med, for han Jo hadde den visi at han sat på øyksryggen når han køyrde. Det var ingen på dei andre gardane som gjorde dette.

Og so var det det at han bruka so fåe ord. Men litt liv og rall i huset ville han no ha, og so sette han til og trulova seg. Ei truloving hadde meir på seg før enn i dag, og gjenta flytte heim åt honom. Ho hadde rekna med at det skulle verta gifting med det fyrste, men det gjekk både vinter og vår, som dei sejer, og ikkje såg ho likner til anten brygging eller baking. Ho tok rett til å ottast for at han Jo ville kasta seg.

So ein morgon dei sat med frukostbordet, sa Jo at han hadde eit lite ærend utetter fjorden, so ho fekk vera med. Gjenta tok eit knyte med klede i handi og fylgde ned åt naustet. Han Jo sette seg no attar i båten, og so bad han at gjenta fekk ro søretter. Utfor Slåttenes opnar det seg tri fjordar — Kinsarvikfjorden, Sørfjorden og Utnesfjorden, og gjenta skoda på husbonden.

«Baint fram», sa Jo.

Det bar no inn i Sørfjorden, og eit bel etter var dei utfor prestanaustet i Ullensvang .

«Te lands», sa han Jo.

So sa han at gjenta fekk bia i båten til so lenge.

«Eg he ait lite ærend upp i garen her», sa han.

Eit bel etter kom han so att, og fortalde at han hadde råka presten, og at presten hadde sagt at han ville røda med henne. Og ho upp. Då var alt tilbutt for ei bruravigsle i kyrkja. Og stutt sagt: på ei matlangestund hadde dei vorte mann og kone.

So sette han Jo seg baki båtrongi att, og bruri sette seg med årane, og ei rid etter var dei heime.

Dei hadde no trødt barnaskorne sine, både brur og brudgom. Ho Brita var eit par år under dei førti, og dei fekk ikkje born. Etter ei rekkje år selde han Jo jordi åt husmannen sin, og skyldfolki hans fekk eit heilt bal med å tretta henne attende.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *