Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Jo Isberg

Ho Kristi, mor hans, var tå det sterke Skjeldås-slaget. Ho var dotter hans Svein, og han Johans var bror hennar. Ho Kristi skulle vera overlag sterk, og denne styrken ervde han Jo. Han var ikkje tå dei høgste, eg trur knapt at han nådde høgdi mi. Men han var rundvaksen og godt ihop-komen.

Det laga seg so at han fekk bruk for makti si både heime og borte. I fureskogen på Isberg var han oftast åleine. Det skulle godt evle til å lyfta på dei digre stokkane. Men han Jo greidde dei.

Ein vinter var han på sildafiske utmed havet. Ein dag heldt dei på og stuva på sild, og so kom han i ugreie med formannen, anten han no tykte at han Jo arbeidde for lite, eller kva det kunne vera. Eg veit ikkje, eg, men det var ikkje fritt for at formannen var hegi han med kjeften. Fatar då han Jo ei sildatunne og lyfter henne upp over hovudet og hiver henne uppå fjerde høgdi. Dette vil då seia at det låg tri tunnor i høgdi før. Sidan triv han to tunnor til, og dei går same vegen. Men då tagna formannen, og sidan fekk han Jo vera i fred.

Ein gong var han i dokter-skyss, han og han Eirik Skjeldvik. Han Jo var upp imot dei åtti då. Utfor Segelgjerd-landet fekk han ilt.

«Du fær ga upp pao garen å fao deg ain dram, so kjem'e du deg», sa han Eirik.

Uppå dørhella seig han i hop.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *