Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av

Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Johans Bagne

Han Johans Bagne, son hans Erling, vandivla ikkje far sin når det galdt styrke og fimleik. — Ein laurdagskveld drog han på strok åt budeione på Furusæt. Stølen ligg ein tri kvarters time frå Lindebrekke, bort imot Soknæ. Då han kom fram, synte det seg at selsdøri var stengd med to krokar og ei smikke innvendes. Og der stod han Johans. Men so vart han vis med at døri hadde kasta seg noko ned imot dørstokken. Der var ein glip so stor at han fekk tak i dørkanten med den eine handi. Dermed flekte han upp dørskiva, so krokar og lykkjor dansa ikring.

Han farbror fortalde at han Johans var svært huga på henne Lisbet Sygnestveit, syskenbarnet sitt. Men han var no ikkje åleine som gjekk etter denne gjenta. Han Magnus Rondestveit åtte åg eit godt auga til henne. Han Magnus laut i båt når han skulle gista henne, og denne båten drog han upp under Sygnestveitnausti ein laurdagskveld. Men då han kom ned i fjøra om morgonen, då fann han ein stein i båten. Dei laut vera tri mann til å lyfta han ut, og endå sette han ei stor riva i eit båtbord. Det var han Johans som hadde synt makti si.

Det vart so at han Magnus kom til å dra av med henne Lisbeth. Han Johans reiste då til Amerika.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *