Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Johans Skjeldås

Han Johans Skjeldås var son hans Svein og sonason hennar Anna. Mykje tå ættarstyrken hadde gått over på han.

Ein haust heldt han på og skaut upp. Det stykket han bala med, vart endå til Ysteåkeren sidan. Midt i teigen kom han over ein ao-ande diger stein. Han grov ikring honom og lyfte honom upp, og sidan velte han honom bortetter brotet og la honom uppå ei helle. Då kom faren nedpå haugen.

«Å Johans, far ikkje å bræl mæ sovorne kjempenykkjer! Dar ha vò sterkje folk førr i Skjeldaos.»

Steinen skal liggja der på hella endå.

Ein gong bar han ei stor helleflysse frå Lindeskòræ og heim i tunet. Han la henne utfor stovedøri, og der vart ho liggjande aldri so lenge. Ho skulle vera eit hestalass.

Seks mann skulle flytta ein kanon på Kongsberg. Dei bala og sleit, skifte tak, lyfte og slepte. Då kom han Johans til.

«Lat meg fao prøva», sa han.

Han tok honom i fanget og bar honom fram. Han vag atten våger.

Dei åtte ikkje øyk i Skjeldås. Men det nauva ikkje so lenge han Johans levde. Han drog arden når dei braut om våro, og kona styrde. Dei spurde om det ikkje var tungt.

«Da laitar mest'ù pao føtùna», sa han.

Ein haust skulle dei avloa ein gris. So veit du korleis det var før: dei skulle taka grisane med trumf. Dei hadde sett trantaband på han, og var i ferd med å dra han frå den gamle Knuta-kjellaren og bort åt slaktebenken. Denne grisen var spelen, og som sagt: dei skulle taka grisen med trumf. Men det gjekk trått, og grisen var om og kom ut or hendene på dei.

«Lat meg fao tak i oyrùna», sa han Johans, og det var då ikkje lenge bia før grisen var framme.

Men då dei skulle sjå til, då kom det upp at øyro hekk att berre etter nokre skinnfillor.

Ein sumar var han med på ein skurd-dugnad på Kvitno. Om kvelden lyste han Jakob Mjøstølen dra krok med han Johans. Han Jakob ville vera god kar. So rette han fram ein langfing.

«Eg æ for gamadl’ù no», sa han Johans.

So gjekk han Samse (husbonden) ned i kjellaren etter ei bunkaskål med øl. Desse skålene var store, og kunne taka upp til ei skjeppe. Han Samse drakk han Johans til, og han Johans stakk turren nedi trommi, tok skåli i klypa og lyfte henne åt munnen og drakk. So flidde han henne åt han Jakob med same handi. Men då han skulle taka imot, då laut han bruka båe hendene, han. Etter den dag freista aldri han Jakob på nokon styrkeprøve med han Johans Skjeldås.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *