Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Jyrund Instanes

Han Jyrund Instanes var overgangs sterk.

Ein dag sat det nokre eidfyrder nedi Krossanes og drakk. Dei selde skjenk der i gamal tid. So hadde dei frett om den fæle makti hans Jyrund, og no var dei nett
i strok til å prøva henne, totte dei. So skikka dei ein kar upp åt garden til å henta han, og eit bel etter kom han roande. Men då dei vart vise med at han drog upp seksæringen sin med ei hand, då kom det dott i bjølla, og det vart ikkje til at dei prøvde noko tak med han.

«Me hadde berre hug te skjenkja deg», sa. dei.

Ungdomane lika han Jyrund. Ein sumar var han noko etter med slåtten. Då samla dei seg i hop, alle ungdomane på Strondi, og slo og raka og hesja. Om kvelden vart det ei liti veitle. Då ynskte han Jyrund at han skulle få den sterkaste terre i verdi. Jau, han fekk vind! Det gjekk ikkje likare enn at både høy og hesjar fauk på fjorden.

Ein gong bar det so til at han kom til å skyssa presten Rytting i grannasokni over fjorden. Han Jyrund hadde ei brennevins-krukke i båten. Han drakk sjølv, og truga presten til å drikka med.

«Hùn so stygg'ù du æ», sa han. «Jeg er gammel også», svara presten.
«Min vande», sa han Jyrund, «han æ gamadl’ù, aokan prest òg, men han æ ikkje helvtæ so stygg'ù so du æ».

Då dei kom over mot hitt landet, bad presten at han Jyrund fekk setja han i land, og Jyrund rodde då inn mot Hausasanden.

«Du får ro inn mot den voren der», sa presten. «Nai, gjer eg ai. Her jagar dai krøturæ i land, å her ska du ga i land», sa Jyrund.

Og so laut presten vassa i land.

Ein sundagsmorgon hadde han Jyrund drukke seg på ein god hiv. So kom det belet då lyden sette seg ikring langbordet i stova. Han Jyrund skulle lesa teksti for dagen.

«Lat no væ å lesa, du Jyrund, i dag», sa kona, «lat held’ù han Ola lesa».
«Han Ola! Æ da ikkje eg so æ husbond?»

So var han hega i hylla og farin fram ei bok, og sidan sette han seg i høgsætet. I staden for preiki som høyrde til dagen, kom han til å lesa ei bøn for
barnsengskonor.

«Herre, hjelp mig til at få denne stake ud af mit liv», las han. «Stakje? Da mao væ ain ljosastakje, da.»

Han Ola låg hegi sengi og beit i åkledct og lo.

«He du set pao gut — ligg'an ikkje dar å lær aot Guds or», sa han Jyrund.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *