Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Jyrund Vambavik

Han Jyrund kom til verdi ikring 1700, so det har runne mang ein drope i
havet sidan han såg dagsens ljos. Han var vel den sterkaste mann som
har vakse upp i Ulvik
, og endå kan folk fortelja om kjempenykkjene hans.

Då han var i styvingsalderen, feste han seg til gjætar hjå ein mann i
Kvam. Han var hard til å eta, og mannen trega på at han hadde hunde seg
til horrom.

Ein dag sat han Jyrund i ein solbakke og dubba, feet gjekk roleg ikring
der og beitte. Eit par karar vart vise med han, og so sa dei at han
måtte visst vera ein leting som gjekk der og gjorde badnaarbeid, so
stor og ar lang som han var. Han Jyrund vart då harm, og kom seg på
fot. So triv han karane i nakkane og dunkar skallane deira i hop, so
dei seig i bakken. Då dei rådde or, tutla dei seg bort, og sidan prøvde
dei aldri å spotta han Jyrund.

Om hausten vart han Jyrund med husbonden sin i tømmerskogen, og der fekk han røyna kreftene sine. Husbonden sa jarnleg:

«Et'e han Jyrund fy to, so arbaie han fy, tri.»

Han vart visst verande mange år ute i Kvam, og der fann han seg kone
òg. Han laut då ha eit heimvist, og dette vart eit plass dei kalla
Vambavikjæ, under Vambheim i Ulvik.

Ymse karsstykke gjorde han her i bygdi og.

Ein sumar hadde nokre karar kasta etter brislingen utfor
Hakastad-landet. So leste dei nóti uppå ein slede, skulle vodla henne.
Dei drog seks mann, men knitta ikkje sleden av flekken. So sprette dei
fyre ein øyk, men sleden grov seg berre djupare og djupare ned i
fjøresanden. Då kjem han Jyrund ruggande. Han stoggar og skodar på dei,
og eg spår han erta dei vel lite vetta òg.

«Du fær prøva, du dao», sa karane.

Han Jyrund sprette då hesten ifrå og gjekk inn i tilnone sjølv. So laga
han seg fotagòtor, og so gjorde han ein rykk, og so laut sleden fram
eit par spann. So flytte han seg fram, og so gjorde han ein rykk til,
og sleden laut fylgja med. Om eit bel var sleden uppe or sanden, og
sidan gjekk det som ein leik bortover åt vollen.

Han Jyrund åtte ein son som dei ropa for Eirik — eller Holsteinaren, av
di han hadde lege nede i Holstein. Han Eirik var no heller ikkje nokon
mjaotle.

Ein dag gjekk han til skogs etter ei vedadroga. Det fór til og kvelda,
og han Eirik var endå ikkje komen, og so tok dei til å anka på han.

«Da æ so tung'e snjo i dag», sa han Jyrund, «eg syte fy at da vett'e bale fy 'an Airik te vinna seg haimatt'e mæ drogo si».

Og so tok han staven sin og rugga til skogs. På Storamyr sat han Eirik på droga si. Og droga sat fast i myri.

«Lea deg lite vetta», sa han Jyrund.

So tok han toget i høgre hand og studde seg på staven med den vinstre,
og so gjorde han ein nykk — og so fór han med droga over myri og like
heim. Men han Eirik sette seg til å gråta då han såg kva barn han vart
imot far sin.

Eg er ikkje viss på om det var den same snøvinteren, det kan ha vore
før og, for det eg veit. Jau, han Jyrund åtte ei ku som ville ha seg
friar. Men stut hadde no ikkje han Jyrund på det vesle plasset sitt,
han laut upp til Vambheim då. Men korleis skulle dei koma upp åt garden
med kui i dette uføret? Kvinnfolki gjekk og knaura og vårkynte seg, kor
ille dette var.

«Å ja ja, fyste da dao», sa han Jyrund.

Då visste dei at det vart ei råd.

«Me fær no bùrt i floren å sjao ka me kann gjera», sa han. «Du fær no
halda 'ne mæ eg bitt'e 'ne te maisen», sa han med kona då han hadde
fått kui ut på tunet. Sette han so ryggen imot meisen og fekk
berfetlingane om akslene, og so lagga han i veg bortetter strandi og
sidan uppetter bakkane åt Vambheim. Der tok kvinnfolki seg av kui, og
husbonden bad han Jyrund inn i stova på ei ølskål. Han tenkte at han
kunne turva ein kveik etter dette taket. So vart dei sitjande der eit
bel og røda.

«Nai, eg fær vel tùtla meg pao haimveg, eg», sa han Jyrund, og so gyrde
han kui attåt meisen att, og rugga bortover tunet. Alle folki på garden
var no komne til og skulle skoda på denne løglege tilburden.

Attmed Kjøylæ (utanfor det gamle skulehuset) renn det ein bekk, og over
denne bekken ligg det ein overlag stor kloppstein. Denne steinen bar
han Jyrund nokre hundre alner. Folk seier at han skal vera eit godt
hestalass. Før låg han over ein gamal gravhang.

Ein dag med joli skulle han Jyrund stia krøteri. Han haddc då «ain goe
unde vesten», som tidt kunne henda med joli i gamal tid. Han sumla i
hop digre høyvondlar åt kyrne, og fylte godt i krubbone åt sauene, for
ingen
lida naud med joli. Men det bar ikkje likare tit enn at sume kyr fekk
to vondlar, og sume fekk inkje. Dei som han Jyrund gjekk framom, var
ikkje radt nøgde, som ventande var.

«Ja, myle de i dag, so jaggu myle de ai onnor gong òg», sa han Jyrund.

Han Peder Jensen var gastgjevar i Kjøylæ då, og det hende at han Jyrund
gjorde seg ærend bort der. Han rodde i ein seksæring, nokon mindre båt
høvde ikkje for han Jyrund. I Kjøyla-fjøra tok han om staven med
vinstre hand og om båtstamnen med den høgre, og so rugga han med båten
uppåt naustdøri. Ja, det gjorde han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *