Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Knut Skjeldås

Han Knut gifte seg med dotter hans Johans, ho Brita. Det vart no so at han sleit ut eit par konor til før han gav seg. Han var ei kjempe, denne Knut'en òg, ville vera. Han var logn og visleg og gav seg god tid til å røda både med unge og gamle.

Han gjorde jamleg ei byferd om året. Det var ymse varor han turvte, og eitt og anna kunne han ha å venda òg. Han rodde då både fram og attende. Ein gong var ho Gjerd, den tridje kona, med. Ho sat i båten med han Knut var uppe i byen og greidde med handelen. Han hadde med nokre ihopsauma kvitlar til å ha kornet i.

«Det er et spørsmål om de holder, disse kvitlene dine», sa kjøpmannen.
«Da æ undekvitlanne aokan», svara han Knut. «Dai ha stae ut mang ain dyst førr, dai.»

Han Knut åtte ein son som gifte seg til Hjødlo, han Jo. Han Knut lika ikkje større på dette giftarmålet, sa dei. Ein dag sveiv det han at han ville reisa inn åt sonen og sjå både på folk og jord. Han Jo stod og hogg ved borte med skytja. Knut helsa, men han Jo tagde som ein mur, gav på og hogg, og flisane dreiv ikring stabben. Han var ikkje likare, han vart litevetta dått med, han Knut. Han kjende at han brigdest, men han tok det roleg, og stod og skoda på honom. So gjekk han innpå honom og spurde:

«Kem sin son æ du?» Dermed gjekk han. Det vart eit ordtøke mellom folk, dette, sidan: «Kem sin son æ du?»

Eg var i gravferdi etter han Knut. Ho Gjerd og dei sterke sønene hennar var då reiste til Amerika.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *