Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Nils Skjeldås

Dei gamle rødde mykje om skjeldåsane. Dei var so overgangs sterke. —
Han Nils var ein tå dei. Han var ikkje nett so overlag høg, men
rundvaksen og velfallen. Og brotsterk og snjåp var han som få. Dei
ville innpå han, nokre karar, i Bergen. Han hadde inkjevetta til å
barfria seg med. So låg der nokre tunnor der, og dei var fullstuva med
saltasild. Treiv då han Nils den eine tunna etter hi og slo ifrå seg,
so laken dreiv. Han drap ein mann. Men han gjekk fri straff, for han
gjorde det for å berga livet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *