Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Njedl Botnen

Han Njedl Botnen var tå Runnane. Han gifte seg med ei gjente tå Botnen,
og vart buande på denne garden. So tok han namn etter bustaden.

Han var overlag sterk. Han ekserte i Etne .
Dei var ikring 700 mann der, og han Njedl var den sterkaste av alle.
Ein gong gjekk dei på han, eit heilt torp, lyste mykja honom. Men dei
kom ingen veg, med han Njedl. Då kasta dei stein på honom, so han fekk
augo fulle av blod.

Ei jol sat han Njedl på Oddland og drakk. Han var gamal då. Han Ola der
ville takast med han. Han Njedl lika ikkje dette, men Ola gav ikkje
len. Då gjorde han Njedl ein liten knikk på armen, nei, han gjorde
ikkje meir — og der låg han Ola! Han Ola baud upp att to vendor til,
men fekk same medferd. Då laut han gje seg.
Den eldste sonen hans Njedl var kvekar. Han drog til Amerika. Men han Njedl gav seg att heime.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *