Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Ola i Skogen

Han Ola i Skogen var ingen rikmann, men eg veit ikkje betre enn at han heldt seg ifrå kassen. Han hoppa aldri lenger enn staven rakk, og la ikkje på seg uturvande utgifter. Han tok då ikkje dei utlogor som fylgde med ei kone heller.

Han sette upp eit stovehus på Freim . Det stod inne i skogen, noko utom garden. Der var so sparlaust, tufti fekk han for inkje. Trevyrket kosta pengar, og dei had-de no han Ola ikkje for mykje tå. Men gråsteinen fekk han for inkje, og den var det nøgdi tå ikring tufti. So mura han seg upp ei liti stove tå stein.

Jau, penge-utlogor sytte han med. Men han laut no ha seg ei gryte. Det beid sakte grytor hjå handlaren nede i Odda, i Kremargarden. Men so var det so at handlaren hadde lagt ut nokre skillingar til frakt ifrå byen, og dei laut han ha att, og so laut han ha nokre skillingar i forteneste, veit du. Desse pengane ville han spara, han Ola, og dermed rodde han like godt dei tretti milene til Bergen etter gryte åt seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *