Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Ølver Børve

Folk ropa han Ølver for Inetuns-kjempa, og kjempestyrke hadde han. Segni seier at han trulova seg med ei finna-gjente, men so kasta han seg og gifte seg med ei kvinne i bygdi. Mange år etter råka nokre gjætsleborn ei finna på fjellet. Ho bar på ei skål, og i denne skåli var det blod. Alle elvar og tjørnar og vatn vart raude der ho fór fram, totte borni. Ho bad at dei fekk helsa heim åt han Ølver, og seia at ho etla seg til bygdar åt han dagen etter. Med natti reiv han husi sine og flytte dei til Inetun. Om morgonen gjekk det ei skrede over dei gamle tuftene.

Det heldt til eit vette i husi hans Ølver. Ingen fekk auga på det, men dei høyrde det frå vegger og golv og tak, so det måtte vel vera der. Det lyddest som ei klikking. Folk i fjorden rødde mykje om dette vettet, og dei ropa det for Børve-klikkaren. Denne klikkaren var fyrevis og framsynt. Dei spurde han om ymist, og han svara rett. Det kunne vera om kven som var feig, om ei kvinne skulle føda gut eller gjente, om ei merr kom med hestføl eller maraføl, om ei ku kom med stutkalv eller kyrkalv, om ting som hadde kome bort og anna sovore.

Ein kveld med joli høyrde han Ølver at det klikka uppi torvtoka. Han var på ein god hiv då, og so tenkte han det kunne vera moro å gje klikkaren ei helsing. Dérmed sende han ei kule upp i toka. Det lydde ein klett i golvet, liksom eitkvart datt ned. Sidan høyrde dei aldri meir til Børve-klikkaren.

Ein gong han Ølver var i fjellet, drap han ein austmann. Nokre år etter kom son åt denne mannen til Børve, ville hemna far sin. Dei vart samde om å gå på holme, og striden enda med at han Ølver vart drepen. Dei jorda han på høgaste Olderhaug. Det voks upp ein diger raun på øvre ledi åt haugen. Om hausten i 1889 grov dei haugen ut. Då fann dei spjut og andre gamle ting.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *