Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Sterk-Ola på Freim

Det var bjørnastyrke i han Ola. Han låg ute i den siste krigen vår med Sverike, og gjorde godt skil for seg der.

Ein gong slost eit drykkjelag i ei skjenkjestove. Verten var heller
hjelpelaus. So kom han til han Ola. Jau, han treiv ein krakk, og med
denne krakken rudde han stova.

Han Lars Hildal var ikkje so nøye på kva han sa, og so fekk han uvener.
Nokre karar gjekk i hop, vilde smørja han upp. Han Ola fekk berga han
or hendene deira.

So kom den dagen då soldatane fekk heimlov. Kapteinen tala åt dei – dei
hadde vore glupe, sa han. Då steig han Ola fram or rekkjone:

«Kaptainen ska ha takk fy dai goe oræ. Me vaogar te saia at me ha gjort
da me kunne. Men me va gjildare karar dao me kom elde me no æ. Dao
hadde me kjøt pao skrotten, no æ me berre skjinn å bain. De ha svelt
aoko ut», sa han.

Då han Ola kom heim att, gifte han seg med henne Gjøa Skarde (1816). Ho var jordamanns-enkje, og Ola kom no til jord.

Han Ola var ein tolug mann og ein god granne. Men seig fyrst harmen
innpå honom, då kom han tungt. – Han Jakob Jysendal reita seg innpå
honom i eit bryllaup i Skarde .

«Du mao ikkje irra meg ùpp», sa han Ola.

Men mannen gav på. Då la han Ola hendene bortpå akslene hans, og klemde
han i kne. Kona sprang no til, men han Ola veiva henne bort med den
eine handi. Han hadde sett i seg at denne karen skulle få ein smekk. Då
kom han godfar til og fekk telja han til rettes.

«Eg ska træ både deg å denu Jysendals-gaukjen pao ai honk, so fiskaren trær morten», sa han.

No strauk spelemannen upp med ein glad slått. Og so sigga han seg.

Ryggen hans Ola var soleis laga at han gav seg ikkje for ein tregamon.
Ein dag gjekk han og dreiv Strandgata i Bergen i lag med han Samse
Stana. So møtte dei eit arbeidslag på åtte mann med eit skipsanker. Det
vanta ei klo, og no skulle det åt smeden. Dei bala og sleit, men det
mona lite. Fyrsta dei hadde gått nokre føt, laot dei setja byrdi ned og
kvila og skifta tak.

«No kann du få syna ka kar du æ», sa den eine.
«Ve de vaoga ai flaska brennevin pao meg, so ska eg prøva ùm eg graie te bera da fram», sa han Ola.

Og dei so gjorde. Han Ola nepte no i hop vampen sin og la over ryggen,
og karane lyfte ankeret upp. Dermed rugga Ola fram åt smeden med
ankeret. Det vog atten våger og tjue merker (329 kg).

Ei seks-åtte mann sterta og drog på ein stokk over ei fonn. Men han
sette seg fast, og der stod dei. Han Ola la då stokken på herdi, og so
rusla han i veg. Midt på fonni stod han på ein fot med lian slo snø or
den eine skoen — ja, so vart det sagt.

I eit bryllaup bar han ein stabbe inn på veitlebordet. Ingen greidde å
bera han ut att. Brudgomen laut då løysa han ut att med ei flaske
brennevin. Han Ola skjenkte no alle venene sine.

Eit lag arbeidde på den velten som går over fjellet åt Røldal
, attmed Gorsvatnet. Dei skulle stella til ei klopp over ein bekk der.
Dei heldt på og drog på ei helle, men det ville ikkje mona. Då kom han
Ola.

«Legg 'ne pao ryggjen min», sa han.

Dei so gjorde, og han bar henne fram. Ho skulle vera eit fullnad hestalass.

Ein dag om våren kom han Tov Bru berande med ei halvtunne korn frå
Odda. Han sette seg til å kvila uppe i Skarde-kvelven, for han var
trøytt etter det bratte Hildalsberget. Han Ola gjekk og pløgde. So
rusla han upp åt han Tov. Då kom kona utpå dørhella og ropa heim til
daur.

«No fær du væ mæ ne å eta daur mæ aoko», sa han Ola.

Han Tov var ein fatig mann, og han Ola visste frå krigen kva det ville seia å vera svolten.

«Nai, da fær no væ denn gongjæ», sa han Tov.
«Nai, kom no!»

Men han Tov smette berfetlingane om akslene. Då sveipte han Ola både
han Tov og sekken hans inn i vampen sin og slengde uppå ryggen. Han Tov
skreik og let ille for bringa si. Men han Ola sette mann og sekk fint
ifrå seg på dørhella, og so vart Tov med inn på dram og daur.

Men han Ola var ikkje mindre sterk til å dra. Han drog stavlægjone til
løa si upp Skarde-brotet. Det hende gong på gong at han drog lassi for
øyken sin. Det var både vedlass og tømmerlass.

Ein gong var han i Mòge. Der låg ein ti-æring som Store-Knut på Jåstad
hadde drege uppåt naustdøri åleine. So lyste han freista kva han dugde
til, han Ola, òg. Jau, båten laut upp. Men den eine «kodlaren» gjekk.

Ein vår stod han ute i tunet og kasta noko mork upp på eldhus-toka for
geitene. So fór der ein bukle og grov i morki — og denne bukken fylgde
med upp på toka.

«Eg totte at da va nùkù sa han Ola.

Dei var so sterke, dei Freims-folki, og han Ola var av dette slaget. Han var farbror hans far.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *