Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Svein Ædna

Borni hans Indre var overlag sterke, både han Samson og han Jo og han Svein. Og dotteri, ho Gyrid, åtte eit evle som mang ein kar kunne ovunda henne.

Men største makti rådde han Svein over.

Ein gong då han hadde vore ute og rott, då drog han ein seksæring upp i naustet åleine, endå det var fullt tung stò. Han var då 84 år.

«Du æ fullt sterk'e endao, du», sa ho Anna, ho kom ned og ville hjelpa honom.
«Å, da æ no lite te skryta tao», sa han.

Han tala og song godt for seg, og var kjøkemeister i veitlone ikring i grendi til han kom godt upp i åri. Eg håttar dei gamle tala om at han gjekk jamt med ein sydvest som han snudde bak-fram, og dette plagget kom aldri tå hovudet hans, same kor veret var. Skor og sokkar var han so vyrk for. Han gjekk berrføtt på klaken både haust og vår. I skogen kunne han dra skor og sokkar tå seg og gå berrføtt på skaren.

Han vart over nitti år. Han låg ikkje til sengs og var ikkje sjuk.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *