Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Svein Skjeldås

Den eldste son hennar Anna, han Svein, hadde ervt styrken etter morfolket sitt. Han var tå det store og sterke Isberg-folket, syskenbarnet hans Store-Knut

Det stod ei gamal stove upp-ned her i Skjeldås. Eg reiv henne for ei femten-tjue år sidan, eg tenkjer du håttar henne. So skulle ho ha toke, denne stova, og det var no nevertokor før. Folk bad jamt i hop til tokedugnad då, for nevri måtte helst på med dagen. Han som huset åtte, laut ha nøgdi med never, det var skam å koma i korleii. Fekk tekkjarane nasane i at det skjerja med nevri hjå ein mann, då la dei gjerne tjukkare. Soleis i Skjeldås åg: dei trudde rett dei skulle setja han Svein i ei vankoma. Men han Svein hadde eit godt neverlad ute på Trædet, han. Og no skøytte han i hop to tau og drog i veg utetter åt Trædet. Og eit bel etter kjem han ruggande med ei byrd på tolv våger.

Ein gong bar han ei helle frå Furehaugen til Selshaug, sette henne upp attmed grua der. Ho var sværande vid og tjukk. No er ho i mange molar, det er vel den sterke hiten. Han gamle Eirik Skjelvik sa at ein burde ha henta i hop molane og vege dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *