Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Ho Anna Skjeldås

Ho Anna Skjeldås var dotter hans Knut Isberg og henne Ingerid Sekse. Han Knut var ætta tå Espe. Ho Anna var faster åt han Store-Knut på Jåstad. Ho var både storvaksi og velvaksi, og hadde fått sin gode lùt av den styrken som høyrde ætti til. Ho var klok og skjønsam og tolug.

Ho kom til å gifta seg med han Edlend Skjeldås, og åtte sju born med han. Tri voks ikkje upp. Ho var ikkje lukkeleg i ekteskapet og vart ikkje gamal. Mannen var eit illbyste, fortalde gamle Indre Isberg.

Ein gong ho låg sjuk i barnseng, hivde han ei skinnbrok bortåt henne.

«No bøte du denn’ brokjæ te eg kjem’e att’e tao skogjen», sa han.

Om kvelden låg broki der ubøtt, som ventande var. Han eksa seg då svært upp, og bruka mange harde ord. Han både banna og kalla, fortalde han Indre. Ho Anna låg der, og sa ikkje noko til det. Det låg ein hestasko på sengjafjøli. No aga ho seg bortover til ho nådde i skoen. So rette ho han ut mellom hendene og bøygde han i hop. So skoda ho på mannen og sa:

«Skò eg ha vò lika har’e mæ deg so du æ mæ meg, so vait eg ikkje kùr da hadde gjengje.»

Sidan våga aldri han Edlend å bruka skrubbhøvlen på kona si.

Dei brende mykje kol i Skjeldås i gamal tid, og vende åt folk ikring i fjorden. Ho Anna tok jamt to tunnesekker med kol i byrdi ned åt sjøen, og dei bar ho med letto. Men mannen greidde aldri meir enn ein, fortalde han Samson Stana.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *