Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Ola på Tømto


Sterke karar

Gudbrand på Eidsbakko

(Eit ettertak hjå Ola på Tømto)


Du vil vita meir om sterke karar, du, vil eg tru. Om Gofa-Kristafør har du fått vita det eg veit. Men du skal få vita sumt om andre sterke karar her i Sør-Aurdal.

Gudbrand på Eidsbakko

For ikr. 100 år sidan levde ein mergjeleg sterk kar dei kalla Gudbrand på Eidsbakko, ein husmann til Eid. Han drog temmer i Eidsbakko mest som ein hest. Ein fullmektigen åt Strugsnes, ein stor skoghandlar, gjekk oppover temmervegen. Då fekk han sjå Gudbrand stod og leste temmer. Men han såg ingen hest. Til slutt hadde han Gudbrand lest på 9 grove stokkar. So gjekk han sjølv i draget og drog venda avstad som ein annan hest. Då fullmektigen gjekk nedatt, slatt han inn på Eidsbakko og sa:

«I dag ha e sett noko e alder ha sett før: Ein kar dro temmer som ein sterk hest!»

Då svara kjerringi til:

«Å, de e nok han Gudbrand, sonen min, det» —

Ein gong synte han makti si åt ein temmerkøyrar. Det var endå ned ved elvi ved Eid. Temmerkøyraren hadde ikkje tå dei sterkaste hestane. Hesten låg og sleit på temmervenda og fekk ikkje rikka ho. Då gjekk Gudbrand ned åt. Han totte synd i hesten. So bad han mannen spenne hesten i frå. Dermed gjekk han i skjækene sjølv og drog venda ned på temmerlægja…

Han Gudbrand skulde ha gifta seg med ei enkje, namnet kan det vera det same med. Ho hadde ein vaksen son som ogso var med og drog temmer stundom. Ein gong hadde sonen åt enkja stupt i draget. Han Gulbrand hadde nett då vore ned ved elvi med ei vende. Då han var på veg oppatt, møtte han guten og venda. Då låg han i åvelta og vart skuvd fere draget. Gudbrand hogg eldsnøgt tak i ein granlegg med ei hand. Med hi greip han tak i hugubandet, fremste tverrtreet i styttingen, og heldt venda og berga guten.
 
Ein gong han drog temmer, hadde han sett frå seg venda ved Eidsbakkatn. Det var for seint på dagen til å dra ho like ned. Om morgonen hadde ho tela fast. Men Gudbrand drog ho laus, so isklakane losna for meiane. Temmerkarar som såg dette, totte det var reint stussleg at nokon skulde vera so sterk.

So var det i Åse ein gong. Der dreiv dei å temra. Gudbrand var med og var handlangar. Han bar so til ein diger stokk. Denne la han bort på temra og skauv han bort til temmerkarane, so heile temra skalv.
Han Gudbrand hadde ein bror, som var ein vanleg sterk kar. Ein dag dreiv denne bror hans og lyfte på ein stein, Han Gudbrand stod og såg på. Då sa han:

«Set de på lyfte ditt, bror!»

Han so gjorde.

Då lyfte han Gudbrand steinen med bror sin på!

Ein gong hadde Gudbrand verkehand, so han gjekk med handa si i fasle. So kom han inn på ein dans. Der var det et stygg elke som dreiv og dansa. For kvar gong karen slatt om han Gudbrand, slo han bort på verkehandi hans. Dette tok seg opp att fleire gonger. Då vart Gudbrand huga til syne makti si. Han hogg tak i elka med den friske handi og lyfte villbassen opp under taket og heldt han der til han hadde sparka frå seg. So sene han elka ned att og sa:

«Vil du læ vara hånde mi no, si e de!»

Gudbrand skulde ikkje ha vore so svart høg, men dugeleg sterk var han. ja, det skulde han ha vore, det.

Gudbrand var ein tå dei fyrste som för til U.S.A. frå Sør-Aurdal.

Han Gudbrand i Eidsbakko hadde to systrer, Kari og Marit. Det var kraftige ruggor, so dei ætta ikkje or. Eg hugsar so vidt henne Kari. Ein haust hadde ho fått lånt båt i Steinsæteren. Ho brukte han so lenge at han vart dugeleg svella. Då ho hadde nytta han tå, rodde ho han under Steinsæter-landet. Der drog ho båten opp åleine, lett som ingen ting, endå so tung han var.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *