Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
Segner og sogur frå Bøherad
Olav Nordbø
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER Nr. 56
OSLO 1945
Klikk her for å lese ”Fyreordet”.

Sterke-Nils på Staurheim

Bestemor tente på Staurheim den gongen Sterke-Nils kom dit, so ho både såg og snakka med han. Da gjekk han i stakk. Han var ikkje høg, men so før og trekvaksen, og litt skakk.

Det sat nokre karar borte ved bordet og drakk. På gruva stod ei stor gryte og koka. Kvinnfolka trudde seg ikkje til med å lyfte gryta av brannjønnet. So bad dei karane ta hand i hanke med. Men det blei ‘kje noko. Nils sat i gruva. Da rette han eine handa ut, tok gryta or jønnet og sette henne i gruva. Da gvakk karane. Det var makt, du. Da skulde Nils au bort åt bordet og ha skjenk. Da visste dei kven det var.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *