Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Sterkhesten på Bolme

På Bolme i Rindalen hadde dei eingong ein uvanleg sterk hest, som det gjeng gitord um endå.

Ei sumarnatt stod hesten tjora på Bolmevollane. Då vart han påteken av ein bjørn. Hesten reiste seg på bakføtene og sleit helda. So rauk dei ihop. Dei beit og slo, begge to.

Sistpå tok bjørnen på flog nedover. Resten etter i full tan. Dei høyrde dynet av jaget ned på Aunegardane, og undrast på kva slag skyss det var. Like til Kvammen bar det. Der endeleg fekk bjørnen smette seg upp i den bratte Kvamslia og gøyme seg.

Um morgonen stod Sterk-hesten roleg og åt på Kvamsbøen.

Jon Bruhaug, Rindalen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *