Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Stin-Gurina tente hjå Karen Roppen, Flø…

Stin-Gurina tente hjå Karen Roppen, Flø. — Ein laurdag skulde Gurina kinne. Medan ho heldt på med dette, bad matmora henne springe burt i Elling-garden eit ærend; «men du må ikkje gå inn i stova,» sa ho. Gurina gjekk likevel inn i stova og prata ein grand med husfolket. Neste laurdag skulde ho kinne att, — men fekk ikkje smør. «Det var det eg skyna,» sa matmora, «at du vann ikkje halde deg fyrre laurdagen, men gjekk inn i stova til Ellingfolka. No hev dei teke smørlukka frå oss. No tek du straks på deg og går beinast nord til Drude Mork i Hareid for å få ei råd so me får smørlukka att.»

Gjenta i veg til Drude Mork. Ho budde i ei lita gamal stove på Mork. Det var nesten myrkt inne høgste dag. — Gurina bar fram ærendet sitt, og flidde Drude ei gåve frå matmor si. — Det var ei lefse og to vaflar. — Drude gjekk ut i koven og var der ei stund. Kom so att med eit bitte lite knyte. «Dette skal du leggje i kinna neste gong dokke kinnar,» sa ho. — Gjenta fór heim, og dei gjorde som Drude sa. Då vart det smør i ei fart og mykje óg.
Men då dei tok upp turelen hang der ei svart fille på han.

Dette hende kring 1850. Gurine var mor til forteljaren.

Etter Anton A. Vik. 1937.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *