Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn; Tore Ruud

Stø-Valen


Stø i Vesterålen har vore ein gamal utrorstad, med gode torskeegger. Her fiska dei mykje kveita og longa i gammal tid, og om sommaren var det godt seifiske.


Så seier segna at staden hadde dårleg hamn, og mange hadde tenkt at om det hadde vore farande over Valen, hadde ein spart seg den lange vegen utanfor, og når ein kom vestanfrå om Delpen, fekk ein bra hamn i nordavind. Så var det ein prest i Stø som hadde «Svarteboka», og han las i ho for å få «gamlingen» til å gjere det farbart over Valen. «Gamlingen» kom, og gjekk med på å gjere arbeidet, når han fekk seg ei menneskesjel. Men dersom han ikkje hadde arbeidd godt for sola rann, skulle han inga betaling ha.


Så bar det i veg, og han kasta store steinblokkene rundi utanfor, og han hadde eit slitsamt arbeid, for då han var ferdig, var han både sveitt og trøytt. Renna vart 50 meter lang og så djup at ein i gamle dagar kunne fare over med ein fembøring.


Då han gjekk derifrå, spytta han, og det blei til ein grunn som folk kallar «Spøtta». Då kom han og spurde etter kven han skulle få. Mannen svara at han skulle få den han lovde; men det var så tidleg på natta endå at han skulle gå på Skipssanden og legge tau av sanden. Han ville no ikkje det; men han måtte iveg likevel. Det blei eit hardt arbeid for «Gamlingen», då sanden ikkje ville sitte, kor mykje spøtt han enn brukte å lime med, og så blei han så sein at sola rann, og han måtte gå utan løn.


Det seies at ein endå kan sjå Kabelen på Skipssanden.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *