Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Stor-Bekkjen


Stor-Bekkj en på Dovre var ein kjempekar. Han Stor-Hans Heringstad var på Dovre ein gong. Det var da han kasta stabben på Tofte ne' i Einbug-gjelet. Han hadde høyrt um Stor-Bekkjen og vilde helse på karen. Det var truleg det var styrken um å gjera. Men da han Hans kom inn og fekk set Stor-Bekkjen, gjekk han sin veg.

(I denne segne er det gjort eit mistak. Det var ikkje han Stor-Hans som kasta stabben på Tofte uti Einbuggjelet, men det var han Pål Bjønnstad som gjorde det karsverket, som det har stått slikt ord tå.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *