Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Stor-Nebben

Snikker Olsen var ikkje lomver, han budde på ein heim i Skjåk som heitte Nebben. Det var to brør, og denne vart kalla Stor-Nebben. Elles var namnet hans Johannes Nebben, møbelsnikker og god-te-seg kar.

I Røysheim dreiv dei og pynta på gamle hus med kniplingar og stas i sveitserstil. Det var frå fyrsten helst på turist-stellom dei tok til med dette, og folk tykte det var vakkert og fint, ja høveleg med. Snikker-Olsen kom der, og ein tå snikkerom var serleg kry av det som var gjort og var ivrig etter å syne’ om stasen. Han venta nok å få ros av ein som var fagmann og forstod seg på slikt.

– Ha’ du vore einsleg um alt dette au da, spurde Olsen og læst gjøle.
– Nei, oss ha rett vore fleire, svara snikker’n og var så fikjin. Men da skeit Olsen på leiken: — Ja det kan eg tru at ikkje eitt tullhugu kunne finne på alt detta, sa’n.

Det var kanskje same gongen dei åpåst med ‘om og ville få han til å fortelja tå skrønom sine, han var kjent for dei. — Du ha’ vore i London au, du, prøvde dei seg. Men Olsen lukta lunta:

– Det er flere enn jeg som har vært der, sa’n. Det har vorte ei herme, det.

Men slik var det han fortalde om da han var i London:

– Det var en gang jeg gikk på Londons gater med en knortekjepp i hånden. Da møtte jeg en engelsk lord, som spurte hva jeg skulle ha for kjeppen. Da svarte jeg:Jeg er selv en stor elsker av naturen, og av penger har jeg nok — —. Så slo han med handa på lumma der pengeboka gjerne ligg. Han måtte få hjelp av fattigkassa.

Dei hermer etter han: – Det var mig en stor glede at min datter blev pukkelrygget. For ellers var hun blitt en skjønnhet i verden og selv utsatt for mange farer—.

I ein tå Sulheimsgardom skal det vera ein kommode som snikkar Olsen skal ha snikkert. Det er ein uvanleg vakker og veigjord ting med eit lønnrom som det er mest umogeleg å finne.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *