Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Stor-Nila

Ein sørsele-lapp dei kalla Stor-Nila var sterk å rona. Han kunde skikka vargen i reinflokken åt kven han vilde.

Bestefar hans Sivert i Tollådalen, han Anders Einarso, var ein av dei som fekk røyna dette. Ja, det var ein vinter han vart so illa søkt av 10 vargar; dei hang etter reinen just som kormen, og det stod ikkje til å bli dei kvitt. So tok han Anders til å skyna det var trollskap med i spelet her; nokon som vilde han vondt som hadde skikka vargane dit. Her laut noko gjerast. So rusta han Anders seg med sterkt og reiste over til Saltdalen åt han Pe Jonso puinn Nupen; det var som ein høveleg ronakall. Der fekk han Anders greide på kor det høvde til med vargane; det var Nila som var meister for det; men no skulde han få dei baker, og sjølv få plagast med dei, sa han Pe.

Og det slo til; dei 10 vargane for strake vegen aust, som dei var trædd på ei snor.

Han Nila var kunnig med noko av kvart. Han Abraham Jonso var til dreng åt han eit tak. Um vintrane låg dei mykje i Løns med reinen. Og det fyrste han Nila kom ut or gammen på morgonen, stelte han seg utkring veggen, og alt med han var standande slik, var det jussom han tok veret av eitslag. Og so kunde han der på flekken seia kvar vargen hadde havt sin gang um natta. Drengen tenkte han Nila sa dette berre i spøyk i det fyrste. Men då dei kom i fjellet, viste det seg å vera ferske varaspor i det landet der lappen sa vargen hadde vandra.

Eg råka eingong frami denne Nila i Rusånesskogen. Vi var bra kjend frå før, og kom til å bli standande der ei tid. Under dette hadde eg det på tal um roning og slikt, hadde mot å høyra kor lappen tok det. Men gubben lukta krutet, so dit fekk eg han ikkje.

«Folk sæger jag æro trollgubb, så inte tilfell’n; men jag æro fødd i di tider da folk dugde se mer en vad di nu jør.»

Dermed var han ferdig med det.

Men Luleå der kom han ein gong på kant med ei prestfrue. Det var i marknadstida dette, og rav fullt med folk, so det var knæve um husrom. Han Nila gjekk då likegodt dit presten budde for å be hus. Det var frua han møtte. Jaha, han bar fram målemnet sitt. Men fekk nei. Prestfrua sa ho tok ikkje inn lus-lappar. Nei, nei, sa han Nila; ho rådde sjølv for sitt hus. Men um han var luslapp, sa han, so skulde han ha ei råd til so fleire kom til å bli det.

Og dette klaffa til; frua fekk vita av lus so det forslo. Det vart sluttpå so illa stelt med henne so ho tordest ikkje te seg for folk. Og på det siste laut ho bryta seg små og skikka folk i veg etter lappen. Og han Nila kom då baker og gjorde det godt att (Saltdal—Beiarn).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *