Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Stor-Per og Tynsetprosten


På Lesja var det ein prest ein gong dei kalla Stor-Per. Elles var namnet hans Peder Jordhøy. Dovre og Folldalen høyrde den gongen saman med Lesja. Ein gong det skulde vera messe ved Doverkyrkja, var han Stor-Per sjuk, og han hadde fått Tynsetprosten til å halde messa der den gongen. Men så drog han Stor-Per seg til att noko, og etter di han trudde det kunde bli vonoms bra med offer den dagen, så drog han til Dovre og tenkte å halde messa sjøl. Men Tynsetprosten var og komen der. Og natte før
messedagen låg dei på gamle prestegarden båe. Um morgonen var Tynsetprosten som vanleg ti'leg ute, og han gjekk sta' og skulde vekke han Stor-Per, Og så sa han:

– Skal jeg finde det danske liggendefæ slik her endnu?

Dei var vel lite i hårom på einannan for denna messa, var von. Men han Stor-Per tok ikkje detta så nøye, berre han fekk halde messa. Og da nokon nemnde for 'om kva Tynsetprosten hadde fått utu seg, sa han:

– Dette skulde ikke den bornholmske okse ha sagt.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *