Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Stor-Samel Ruste


Han Stor-Samel var ein utkropen kropp, som nytta alle knep når han såg seg rå' med det. Han hadde ei seter uppme' Gautå'n som hadde same namn som åe. Han selde denne setre, og i kjøpebrevet sto det Gautå. Da handelen var underskrivi, sa han at dei fekk ikkje meir av å'n enn at det vart att nøtlevatn åt seter'n. Setre skulde han ha sjøl når det sto Gautå i brevet.

Han var ein gong nordi Dalom (norda fjellet) og der kjøpte han seg rett til å flekke never i skogen åt ein bonde. Mannen som selde, gjekk ut frå at det var berre dette året handelen galdt. Men Gamel-Samel, som han og var kalla, kom att året etter og flekte never, og fleire år kom han att på same kontrakt.

Gamel-Samel var elles ein vaksen kar som ikkje skvatt for ei stygg maske. Han og ein annan dovring var i ferdvegen åt Trondheim ein gong. Dei var inne og kvilde og åt i eit hus ein sta'n, og da kom det inn nokre karar der, som ikkje såg viare pene, og det var godt å skjøne at dei hadde ikkje godt i påså. Det var ikkje så sjelda den ti'e at slike folk vilde yppe seg inn på fredelege ferdafolk. Den karen som var med Gamel-Samel vart lei seg da han såg dessa karan som var innkomne, og han gav seg med å eta. Men han Samel ba' han berre drive på. Han sat med ei stor smørøskje framved seg. Denne øskja var sterkgjord, og godt jønnslegen på si'om og loket. Da han var ferdig med etingen, la han loket så hardt på at hande gjekk tvert gjennom loket og klemde øskja flat. Men da luska dessa framande karan ut.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *