Internt referansenummer: 21.06.09 – A
Kilde:
HULDER OG TROLLSKAP
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN IV
NORSK FOLKEMINNELAG XI
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1925)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen, Oslo

Stordunderen og Mariasonen

(Ei huldersegn)

Ein gardmanns-son skulde paa sætra ein tur um hausten. Dei hadde boført heimatt, og so skulde han kløvja sætermaten. Med han no dreiv der um dagen, kom det ei gjente so vakker bort til og gav seg til aa hjelpa han med aa bitta paa kløva. Han spurde kvar ho var ifraa, som kunde koma der no, og daa svara ho berre ho var i fraa eit berg der tett attmed sætra. No budde det ikkje folk der i berget, og so visste han med ein gong kva folk ho var taa. Men gjenta likte han so merjeleg godt likevel, so han var berre glad til so lenge ho var. Der vart dei farande med denne kløva til det myrkna, og daa kunde ikkje guten ta paa heimvegen aat myrke natta, so han laut bia til dagen etter.

Du blir full her du eu da ve’» sa han. Ja, det kunde ho gjerne. So sat dei kring muren og prata um kvelden utover, og di meir han sang paa henne, di meir tykte han um henne, og til slut spurde han um ho ikkje kunde bli kjerringa hans. Ja, det kunde no ikkje vera so reint uvonsleg det hell, meinte ho, berre han ikkje kom paa andre tankar og angra seg etter-paa, naar han fekk sjaa nokon taa folket hennar. Far hennar kom no visst snart, og so fekk dei no sjaa um han hadde same meininga naar han hadde tala ved honom.

Best dei no sat og prata, korn det inn ein gubbe med ein nase so uskafteleg lang.

«Ja, her kjem far min naa,» sa gjenta. Guten tykte nok gubben kunde ha set likare ut; men han fekk no vera som han var, og det var gjenta han skulde ha og ikkje gamlen.

”Je sit og talar ved døtter di je,» sa han, «om je skulde faa bli’ ve’ a, og ho har full ittnaa større i mot det hell; min da spørs det aa du segjer da.».

«Naar de sjølve vil, har je ittnaa imot det, je,» sa gubben. Og so gjekk han att, daa han hadde vore der eit bil.

«Han kjem att i maaraa,» sa gjenta, «og da vil ‘n høre om du er ment paa aa ha naa brølløp.

Han gjer nok brølløp han far; min da kjem vi itte ned i bygda aat kjærka. Da er det full best du svarar det du vil gjøra brølløpet. Saa spør ‘n etter aakken du vil be’. Da faar du segja du lyt be’ Mariasonen og Stordunderen, helle saa vil ‘n væra med han eu og kjem ‘n far, saa skreemer ‘n aav hela brurferda han.»

Ja, det gjekk som gjenta hadde sagt. Um morgonen att, daa guten la paa kløva og skulde i veg, kom gubben ridande paa ein svær, diger hest med so mykje gull og sylv paa salen, so det berre glitra og skein.

«Det var herre det je vilde fortelja,» sa han, «naa brølløp kann full itte je gjøra, for dø vil full aat kjærkja og ha med dokk prest og slikt, og det har je ittnaa tilovers før. Men det kunde full hende je kunde kaamaa lel saa utpaa eftan’, dersom du hadde tenkt aa gjøra naa brølløp sjøl.»

«Ja jeg hadde nok mest tenkt det eu,» sa guten, «du vet det er da saa brukelig, og saa har je laavaa faddera mine det døm skær bli bett i brølløpet mitt, og da vet du je lyt ha døm med.»

«Aakken er’e som er faddera dine da?»

«Det er Stordunderen og Mariasonen.»

«Ja da kjem itte je,» sa gubben, «for Mariasonen har je ittnaa tilovers før, og Stordunderen har en gong slegje aav laarbenet mitt med tromstikken’ sine, saa je er halvleid han eu. Men likevel skær je sende ned aat døkk in krøterbuskap og e skjeppe med gull, om je itte kann kaamaa sjøl.»

Daa det leid ut paa hausten, vart det brølløp, og gullskjeppa kom som sagt var.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *