Internt referansenummer: Bok-05. april-2020
Kilde:
Skreppekarar og anna folk
Av: EINAR ULLESTAD
Illustrert av: OLAF HUSTVEDT
NOREGS BOKLAG
1962
Trykk og bind:
MARIENDALS BOKTRYKKERI A/S,
Gjøvik
Klikk her for å lese «Føreordet»

STORE-HJØLMEN

Illustrert av: OLAF HUSTVEDT

Garden Hjølmo ligg som i eit skorfeste høgt oppe i Hjølmadalen i Eidfjord. Lang var vegen til nær¬aste granne, og endå lenger til bygdar. På denne garden under Hardangervidda voks Mikkel Hjølmo opp.

Du ser ikkje husa før du er like innpå stoveveggen, for dei står mellom nokre store steinar. På Hjølmo er det elleve åkrar, og til saman er heile åkervidda eit halvt mål. Men før i tida stod dei seg bra på desse små fjellgardane, det var viltet på vidda som skaffa dei innkomer.

Far hans Mikkel dreiv med smedarbeid nedi bygda i sumarhalvåret. Vintrane var det å dra på vidda og fanga vilt. Den vesle garden var det kona og borna som dreiv. Det var ikkje så frægt i kledevegen, fortalde han Mikkel. Det vesle dei åtte, hadde dei gjort seg sjølve, og det var gjerne ei skinnbrok og ei udla å ha på kroppen.

– Me skolve oss varme nett so hunden, kunne han fortelja.

So snart han Mikkel var ferdig med skulegonga og framstoppen, laut han ut. Han kom til Ullensvang ein haustdag og bad om arbeid på ein gard, han hadde berre ei ulltrøye og ei skinnbrok på seg. Gutungen såg ikkje fræg ut der han stod. Men bon-den sa, at han alltid kunne prøva ei stund. Mikkel var ikkje bortskjemd heimanfrå, han var van til å hanga i. Og di lenger tida gjekk, di betre lika hus¬bondsfolket han. Han tente eit års tid der på garden, fekk seg nye klede og såg ut som ein staskar då han drog på heimvegen.

Det var ved dette leitet han tok til med skreppa. Han pakka ned ymse småsaker og tyvarer og drog utetter fjorden. Det kom vel med at han var ordhag og hadde lag med folk. Etter nokre slitsame ferder med skreppa hadde han skrapt i hop so mange skil-lingar at han kom seg til Amerika. Han var to turar dit. Fyrste ferda kom han til Montana, ein eldre bror dreiv salon der.

Han Mikkel hadde eit eige lag med gjestene på salonen. Han godsnakka med dei, og dei handla meir enn dei hadde tenkt. Den verdskjente stor-banditten Jessie James kom ein gong inn på salonen og vart varta opp av Mikkel. Jessie James var son til ein prest, men var på den tid den mest illgjetne bank-røvaren og banditten i Amerika. Under ein politirassia noko seinare vart han skoten.

Etter nokre år i Montana drog han Mikkel heimatt. Der tok han til att med skreppehandelen. Alle Hardangerbygdene vitja han, og handelen gjekk godt. Han tente best på briller. Han hadde kjøpt inn ein større slump for 20 øre paret, og han tok att frå 1 til 3 kr. paret. Dessutan selde han mange sauesakser. Attåt skreppehandelen kjøpte han inn gamle bruks- og prydnasting til Bergens Museum, og det hadde han god forteneste på.

Andre turen han var i Amerika, kjøpte han seg land i Devils Lake i North Dakota. Men han var ikkje heppen med det, staden var heller verhard.

Men det rare var at han Mikkel råka kona si der, og ho var endåtil frå same garden som han sjølv. Dei var syskenborn. Sheriffen ville ikkje la han få attest so dei kunne gifta seg til å byrja med, etterdi dei hadde same etternamnet. Då det omsider vart ordna, måtte dei køyra i slede mange mil over prærien til næraste prest for å verta vigde.

Dao me kom te presten va øyro mine vortne dubbelt so store tao froste, fortalde han Mikkel seinare. Dei vart vigde, og han spurde presten kva han skulle ha for «Samansveisinga». Presten svara at han brukte å ta frå 2 til 5 dalar etter som dei hadde råd til å betala. Då sa han Mikkel at han burde ha 5 dalar.
– Fy øyro mine è no so mykje større enn før.

Det vart uår heile fem år på rad i Devils Lake, og det var meir enn ein stakkar kunne tola. Mikkel og kona fór atter til gamlelandet og fjellgarden Hjølmo. Dei var endå snauare no enn då dei fór frå landet. Dei budde på Hjølmo og dreiv garden, men takomtil pakka han skreppa og fór rundt på handel.

Ein haust fann dei ikkje att to bukkar som dei åtte. Men ein dag kona stod og kokte rjomegraut i eldhuset, fekk ho brått sjå bukkane spegla seg i feittet på grauten. Då gjekk dei høgt oppe i fjellet. Ho såg dei gjennom ljoren.

Hjølmen, eller Store-Hjølmen som han vart kalla, råka ein annan skreppekar, Ola Hausasanden, og dei slo seg i lag ei tid. Denne Hausasanden var ein stor ordskrøyvar. Dei var på Vossevangen ein haust og selde eple. Men det var samlag på Vangen den tid, og det dei tente gjekk ut att der. Hausasanden kom på fylla og var høgmælt og heldt leven utanfor huset der skrivarfullmektig Thorstein Diesen ( seinare sjefredaktør i «Aftenposten» ) budde. Diesen kom ut og skjente på han for dette, og spurde om han visste kven han var.

– Ja, da vait eg, sa Hausasanden. – Du er skri..varfullmektig Diesen, og eg faor hopa du kjem ikkje lengùr.

Ein gong Hjølmen var ute med skreppa, kom han til ordføraren i ei bygd. Han gav seg ut for å vera kunstmålar, og sa at han var tilsett av staten og var send kringom for å måla alle framståande menn. Då ville ordføraren gjerne la seg måla. Hjølmen fekk ordføraren til å setja seg til rettes på ein stol. So laut han ut og henta målarsakene sine. Men då Hjølmen var vel utanfor, strauk han sin veg, og ordføraren vart snytt for målinga den gongen. Nils Bergslien hadde mykje moro av denne soga, og han spurde Hjølmen:

– Du skal vel ut og måla ordføraren snart, veit eg?

I 1907 kjøpte Hjølmen seg gard på Skutle på Voss. Han fekk garden svært rimeleg, for det var tvangsauksjon. Då Hjølmen kom attende til Eidfjord, spurde dei om det var ein stor gard han hadde kjøpt seg på Voss?

– Ja, sa han — fy vatne sin del konde eg fø minst 50 naut.

Store-Hjølmen var ein kar som viste att på Voss i mange år. Han gjekk alle dagar med dobbelt sylv-knappa vest og vadmålsklede. Han tala reint og kraftig eidfjordmål. Stor og røseleg kar var han, som folk la merke til. Han hadde ein liten blakk fjording som han køyrde med når han var på Vossevangen. Det såg ut som dei var gode vener, dei hadde aldri noko hast når dei kom.

Den kjende norsk-amerikanaren Arnfinn Kinne, som var ordførar i Devils Lake, fortalde då han var på vitjing i gamle-landet om det store omskiftet der borte etter at Hjølmen forlet farmen sin og for heim-att til Noreg. Det var kome jarnveg til staden, og på farmen som Hjølmen hadde ått, voks det opp ein stor stasjonsby. Arnfinn Kinne sa, at hadde Hjølmen vorte verande på farmen, hadde han i dag vore mil-lionær. Då svara Hjølmen:

– Eg ha so fjerre at eg greie meg her.

Hjølmen lika alltid å prata med folk. Han var minnig og had¬de mykje å fortelja frå eldre tider, om mange ser-merkte folk han hadde møtt. I Eidfjord var det ein uvanleg sinnatagg. Denne mannen var i skogen på vedhogst og hogg bort i stein med øksa. Då vart han so sinna at han gjekk bort og berre einhogg i steinen og sa:

– No ska du fao kjenna da, no.

Ein annan gong kløyvde han kubb, då ville han lòsa øksa som sat fast i kubben. Då han var uheldig og vart hangande i klemme med ein finger. Han vart so sinna at han gjekk åt omnen og ville brenna kubben opp, so han kunne få kjenna det, han óg. Der sat han og fryda seg og såg på logane.

Han Johan Vivåslida skratta like så høgt som ein hest kneggja. Difor kalla dei han for Hingsten, eller Stashingsten. Johan kom heim til Hjølmen ein dag han sat og åt middag. Då sa Hjølmen:

– Du skulle hatt dugur du Johan òg, men havre ha èg ikkje, og hakkelse ete du vel ikkje, so da faor nett vè.

Johan Vivåslida ville kjøpa ei kvige hjå Hjølmen ein gong. Hjølmen ville ha 50 kr. for henne, men det ville ikkje han Johan gje.

– Dao faor da vè, dao, sa Hjølmen.

Året etter kom Johan att og ville kjøpa kviga. Då sa Hjølmen:

– No faor du henne ikkje fy 50 kr., no vè eg ha 100 kr., no.

Tredje året kom Johan Og att og ville kjøpa kyra. Men då sa Hjølmen:

– No faor du henne ikkje fy 100 kr., fy no har prisane stege, og no vé eg ha 300 kr.

Då vart det handel, og båe tottest ha gjort det godt.

For Voss Folkemuseum var Hjølmen ein gasta mann. Han hadde ei sers evne til å få tak i gamle ting som enno fanst att på gardane. Frå mange skreppeferder visste han kvar han skulle få tak i oldsaker som musèet var ute etter. Og han hadde eit eige lag so han fekk folk til å gje eller selja slike ting til museet. Styret utnemnde Hjølmen til heiderslagmann i Voss Folkemuseum for arbeidet hans, og Magnus Dagestad kròta utnemninga på eit vakkert skinnbrev.

Hjølmen hadde uvanleg god helse. Då han var 80 år, sa han at han aldri hadde vore til lækjar. Og hadde ikkje nokon brukt lækjar meir enn han hadde gjort det, kom lækjarane til å svelta spent i hel, let han.

Sine siste leveår budde Hjølmen på gamleheimen på Vangen. Endå han vart over 90 år, var han like vaken og pratsam som i sine beste år. Han fekk støtt vitjing på romet sitt, både av gamle og andre som ville lydast innom og få seg ein godprat med han. Det var ikkje alle som hadde so mange opplevingar å minnast som gamle Hjølmen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *