Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Store-Jon

Store-Jon var heime i Hjartdal og budde paa ein plass som heitte HYVSUPP. Han gjekk i knebrok og gamal hjartdølebunad, og var ein stor og ramaleg kar. Seinst han livde, traska han rundt og bad seg. Jon var i krigen 1814. Han hadde vori med i eit slag, der sidemannen hans fall.

Han fortalde, at han var med i ein patrulje paa 4-5 mann ein gong.

Dei gjekk langs med eit vatn og skyngde etter svenskar. Det var varmt um dagen, og so vart dei so tyrste og sprang inn paa ein gard og bad um drikke. Der var berre kvende heime, og ei av dei tok ei bytte og gjekk etter vatn. Men innatt kom ho i same renne og var reint vitskræmd. Paa burtsida av vatne hadde ho sett ein litin flokk med svenskar, som kom fram or skogen, og dei hadde skoti etter gjenta, so kulune dansa innetter strandsteinane, og ei hadde gjengi gjenom stakken hennar.

Jon og felagane hans gøymde seg inni stogo og venta, til svenskane hadde funni seg ein praam og komi utpaa vatne. Dei var 7 i tale. Dei sat i praamen og hegra og lo og peika upp imot stogo, der dei hadde sett gjenta sprang inn. Daa dei hadde komi so nær strandi, at det var fint skot paa dei, stilde den norske patrulja sig attmed stoguveggen og skaut ned den eine svensken etter den andre, til dei laag klare i baaten alle 7.

”Totte de kje detta var hardskeleg?” kunde dei spyrja.

”Nei, me va so gla'e, at me haappa, eg totte ikkje de' va vèrr, hèll om me hadde skote 7 kraakur.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *