Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Storm-mat

Blodpylse, flesk og kringle var fårleg storm-mat, sa dei gamle. Hadde nokon slik mat med seg på sjøen, so var ein viss um at det vart storm.

Ein gut frå Vanylven var noko heimalen. Han hadde fått blodpylse med til niste. Han visste nok det var gale, men hadde ikkje anna, og difor åt han av pylsa berre i løynd. Men ein dag vart skipperen var kva guten nuska med. Han sette i:

«Hiv pylsa på sjøen, gut! Trur du me vil ha eit forrykande uver på oss so langt frå land?»

Fra Vanylven ved Henrik Stokkenes

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *