Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Stororm i fjøset på Sør-Enga

Storormen skal vera på lag som vassormen, men held seg berre på land. Han skal vera så over seg sky, så det er reint sjeldan at nokon får sjå han. Dei gamle trudde at han låg over gøymde skattar.

Han gamle Andreas Eden fekk sjå storormen ein gong. Den hadde kome inn i fjøset på Sør-Enga. Ja, det var meir enn rart at den hadde forvilla seg dit. — Han Andreas fekk med seg nokre karar dit, og dei fann han i den eine båsen. Til all lukke så var da kyrne uti marka.

Karane sette på han med øksar og staurar. Og da veit du at han laut til pers. Han Andreas tala om at auge hadde den som sylvdalarar og man som ein hest over nakken.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *