Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Storormen i Reinsvatnet

I Reinsvatnet var det i gamle dagar ein stor orm. Tidt gjekk han paa land og tok daa gjernast med seg eitkvart feet ned i vatnet; folk som aatte beite der ikring, leid mykje skade paa den maaten. Ein dag tok han seg fyre aa renna radt aat sjøen. Fyrst fór han av til eit vatn som er lenger nede i Tengesdal-heidi. Sidan fór han lenger ned-yver. Daa han var komen mest aat sjøen, laut han gjenom ei trong smetta som dei kallar Klype. Der vart han standande fast. Ein mann fraa hi sida av fjorden saag dette uhyret som hekk ned med framenden. So tok han byrsa og rodde yver og sette ei kula i den fæle skrotten. Ormen sette daa bakenden i vêret og velte seg fram-yver, so han kom ned paa ei sletta; men daa dauda han. Sidan grov dei han ned, og yver ormen lødde dei upp ein stor mur som enno syner.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *