Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Storstormen den 28. april 1915

«Den 28. april 1915 er den verste stormdagen noen kan minnes», fortel ein mann på Grunnfarnes , og han gir denne skildringa av det som gjekk føre seg i grenda det døgnet:

«Eg var 14 år den gongen, og den dagen kjem eg aldri til å glømme så lenge eg lever. Det døgret vil stå for meg som det verste eg har opplevd.

Dagen før hadde det vore frisk synnavind som mot kvelden sprang vestleg og auka på til sterk kuling. I tolvtida om natta var veret blitt slik at ho mor og eldste søster mi stod opp og gjekk ned i stua. Han far var i Finnmarka på fiske, og det same var dei andre mannfolka i grenda. Mor vekte oss ungar og sa at vi måtte stå opp, for det var ikkje ver til å ligge i. I det same hørte eg at det kom noen inn i stua til oss og snakka med mor og gråt. Det var ei ung jente som bar seg for at taket var blåst av huset deres, og at dei hadde søkt ly hos næraste naboen.

Eg trur ikkje det hende noe meir før fram på morraparten. Då sprang han om til nordvest og blei seinare «utnora», som dei gamle sa, og då blei veret overhendig. Ein mann i grenda blei serleg hardt heimsøkt. Stormen tok heile taket av våningshuset, og vindauan blåste inn. Båtnaustet, som var vel forseggjort og godt avstaga, blei heilt smadra og tre nordlandsbåtar knust. Han fann ei av båtripene høgt oppe i Kjerringvik-skaret utpå våren. Eg såg med mine eigne augo at den store fjøsen hans blei velta over på sia. Husdyra klarte dei å berge, men hesten blei gåande ute heilt til kveids. Eg minnes enno det stakkars dyret som sprang vettskremt att og fram frå fjellet og ned til fjæra og prøvde å finne ly.

Stormen tok også to andre fjøs i grenda, og fleire blei meir eller mindre ramponert. Ein hest braut seg ut gjennom veggen då uveret reiv taket av over stallen. Ei ku blei slått i hel, og fleire andre husdyr meir eller mindre skadd.

Eit våningshus i grenda blåste heilt ned. Eit anna hus blei tatt av grunnmuren og flytta 10-15 meter. Eg såg at han først tok det halvt av muren, slik at det blei ståande på skrå. Så blei det skjult av rokk ei stund, men då eg atter fekk auge på det, stod det på marka innafor muren.

På sørsida av fjorden, stod det i alt tolv torvskjåar, men av dei var det berre to igjen. Snøen var brun heilt under hamran av sundmalen torv og mold.
Den dagen grunnbraut det tvers over fjorden frå Nattmålneset til Stry-øyra, og det hadde ikkje hendt før, sa dei gamle. Fisk som steinbit og sandskrubbe blei kasta på land, og store steinar nede på leira blei snudd og velta på.

Utpå kvelden spakna veret, og eg sovna som ein stokk etter all angsten og spenninga. Då mor vekte meg dagen etter, var det solskinn og stilla. Eg trudde først at uveret kanskje berre hadde vore ein vond drøm, til eg vakna heilt og fekk sjå korleis det såg ut innetter grenda.
(Peder M. A. Pettersen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *