Kildeinformasjon:
Mosdalen Omslag-IIInternt referansenummer:B-31.03.2013
Kilde:
MOSDALEN – BEITEBRUK OG SETERDRIFT
Av: John P. Moe
Ørsta, mai 1976 – November 1980
Utgjevar: Mo Gardstyre, formann Helge Moe
ØRSTA TRYKKERI A.S
Klikk her for å lese ”Innledning om Mosdalen”

 

 

 

Stovetimber frå Brekkeheia

(Soger frå Mosdalen)

(Slik dei levde i munnleg tradisjon)

 

Ho Nosa-Pernille hadde eit stovehus som stod på nedsida av vegen på Velle omlag der Vallageila tek til. Gamle folk sa at timberet til denne stova var det siste som vart hogd på Brekkheia som grensar til Mo både mot aust og syd.

Denne stova kjøpte Elert Aamås. Han sette henne opp ved Høgebrua der ho framleis står, visst nok noko tilbygd.

Kjem ein opp på Brekkheia finn ein høge torv-barar. Dei er turre og fine for det meste, og ein ser der massevis av røter etter store furutre.

No går skoggrensa lågare. Langs nedhallinga er der berre krampebjørk å finne så det er audsysnt at ei stor endring har funne stad.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *