Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Stranda-kyrkjo

I den tidi dei heldt paa aa byggja kyrkjor her i landet, skulde dei og til aa byggja ei kyrkja i Strand-sokn. Det hadde seg so at dei hadde funne ein timberflote ein stad ute i Brufjorden; men timberet hadde stuva seg so i hop i sundet der dei fann det, at det var ikkje raad aa faa løysa det. Dei freista lengje og paa mange vis; men ikkje ein stokk fekk dei løysa. So lova dei at dei vilde bruka det til kyrkja i Strand; jau daa fekk dei det løyst med mest inkje bry.

So skulde dei setja upp kyrkja i Tjøstheims-lidi, ovenfyr Trollhaugarne. Tufti hadde dei reidug og hadde fare til aa byggja, og dei hadde alt lagt eit umfar eller tvo paa veggjerne; men um natti vart alt øydelagt; baade timberet og timbremannsgognet vart flutt til Strand. Det var trolli som gjorde det; for dei kunde ikkje herda aa høyra paa kyrkjeklokkorne so nære.

Um morgonen daa bygningsfolki kom, fann dei korkje tuft eller timber. Sidan fann dei det att ned-paa Strand, og der sette dei daa upp kyrkjo. Denne gamle kyrkjo reiv dei ned fyr nokre aar sidan og bygde ei ny att i staden. Daa fekk dei sjaa det ikkje var lygn at timberet hadde vore i sjøen. Det var hardt eiketimber, og det var fullt av hol etter sjømakken.

Dette gamle timberet selde dei. Ein snikkar i Stavanger kjøpte mykje og gjorde gamalldagslege bord og stolar og skaap av det til ei matstova i Hilevaag. Det vart sterke greidor; men det var so hardt at det mest ikkje beit korkje hyvel eller øks paa det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.