Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Stranda-presten og hinmannen

Som det gjekk paa Lye, hev det ein gong gjenge paa Strand. Der stod presten paa preikestolen og kjende paa seg at det stod gale til heime. Dette sa han til kyrkjefolket og bad deim orsaka at han gjekk, og dermed fór han ut or kyrkja med ein gong.

Daa hadde prestkona lese i svarteboki og hadde uvilja kome til aa løysa hinmannen. Han spurde kva det var ho vilde, og ho laut finna paa eitkvart.

Det var um hausten, og det stod fullt av tom kornstaur frametter aakrarne. Fyrst skulde han daa bera heim all stauren. Det gjorde han so fort at det var ikkje meir enn so mykje ho hadde snutt seg daa all stauren var der han skulde vera. Sidan skulde han ausa vatnet or Lauvbrekks-tjørni; det er ei tjørn som ligg tett ved prestagarden. Han gav seg til aa ausa, og det gjekk med dagen; vatnet rann som ei strid elv ned Lauvbrekkdalen; men tjørni var so djup at det gjekk eit langt bil fyrr han vart ferdug.

Sume segjer at det var i Stranda-kyrkja det var preika den dagen. Er det sant, so kunde det ikkje vera lang stundi fyrr presten var heime. Andre segjer at han preika med Hole, og daa er det so lang sjøveg at det gjekk ikkje so faae timar fyrr han naadde heim.

Daa presten kom, vart det ei hard trætta millom honom og hinmannen. Presten svara godt fyr seg og heldt paa aa mana. Etter kvart var det liksom hinmannen folna burt. Paa resten visste han ingen ting aa svara, og dermed var han bunden. Presten bora eit hol i golvet, og gjenom det laut styggemannen ned.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.