Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”

Straums-Rasmus

Rasmus Halvardsson Straume f. Eidseflot var ein rådsløg og snartenkt mann og ein av dei sterkaste menner ein kjenner frå Volda. Det går mange segner om han. Han sat ofte tungt i det for han ol opp ein stor barneflokk, og alle krava til det gjorde at han ofte var i pengevanskar.

Lensmann Smith laut ofte av stad og prate for eit og anna og var difor ofte i tabernarsk (trette) med Rasmus. Ein dag møtte Smith han i gata i Halkjelsvik. Smith stogga Rasmus og kravde etter gammal skatt. Rasmus treiv då lensmannen inni fanget og rulla seg nedpå gata og heldt lensmannen fast over seg. Rasmus tok til å rope: «Vold!» av all kraft, og folk stimlast til og såg på tilburden. Dei kunne ikkje skjøne at lensmannen hadde gòlsa denne kjempa.

Men Rasmus ropa: «Vold!». Lensmannen skulle prøve å forklare seg: «Han to mig jo», «Høyre de?» sa Rasmus: «Han kalla meg Tome-Jo», «Hadde eg berre kome meg opp, skulle du fått Tomejo!». Til slutt sleppte Rasmus taket, og lensmannen gjekk heim att.

Ein gong lensmannen kravde han etter skatt, opna Rasmus pungen og tok til å telje «Nitten tju, nitten tju, nitten tju». «Hva, kaller du mig tyv», sa lensmannen. «Nei, eg tel pengane mine», sa Rasmus.

Rasmus var ein flink båtbyggjar, og mange båtar bygde han. Ein dag Rasmus og sonen stod i naustet i Straumsbaugen og bygde båt, kom lensmann Smith og kravde etter ein pengesum. Rasmus sa ikkje eit ord, han tok berre fram slirekniven og tok til å bryne han. Han såg ein gong på kniven og ein gong på lensmannen og brynte kniven. Han såg på knivegga og so bort på lensmannen. «Gjev det var gjort,» sa han. Han såg deretter bort på sonen og spurde: «Skal tru han er feite?» Då sprang lensmannen.

Det var mange måtar folk måtte greie seg på i dei dagar. Rasmus selde ved og strongar til Ålesund og tente seg vel nokre kroner på det. Ein gong rodde han med ei kjeppelast til Ålesund og la til ved ein sjøbudmur. Der hadde før stade ei sjøbud som no var nedriven. På murkanten låg ei ottringsmast, og på den sat ein flokk gutar og plaska i sjøen med føtene. Rasmus gjekk på land og feste båten. Vonleg hadde han ikkje bestekleda på, og bygutane tok til å erte han og kalle han bonde. Rasmus sa ikkje noko, men han gjekk ut på murkanten, tok i sporenden på mastra og svinga henne utover sjøen med gutane hangande på. So gjekk han fram i føra og riste dei av so langt frame at dei ikkje skulle drukne. Gutane fekk ein kjøl og sprang heim att so fort dei kunne.

Her er utruleg mange slike segner om Rasmus, men kanskje er dei litt dramatiserte, so det får vere. Men når det er snakka om styrken hans, kan det nemnast at ein gong han var ute på fyrarbeid var det ein mann som reiste rundt med ein bjørn som var tamd til å ta ryggtak med folk. Dei som la bjørnen, skulle få 100 kroner. Kameratane størde på Rasmus at han skulle ta ryggtak med bjørnen, men han var ikkje huga på det. Til slutt let han seg seie, gjekk fram og tok rundt bjørnen og la han på rygg. Mannen som åtte bjørnen, vart sint, og sa at det var eit knep av Rasmus og han skulle prøve ein gong til, utan fekk han ikkje dei 100 kronene. Rasmus braut med bjørnen på ny. Rasmus var overmann denne gongen og, men so beit bjørnen han nedi herdane. Då sa Rasmus: «No lyt han ha skaden som fær den». Rasmus tok i av alle krefter og dei høyrde ein smell. Ryggen på bjørnen brotna og han seig ned på marka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *