Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940

Strid og strev for huslyden

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Den 2. mai 1874 vart eg gift med Carl Tomassen. Han var barnefødd på Finnskoge i Vermeland i Sverike. Den nye kongsvegen gjenom Valdres vart bygt i desse åri. Og han Carl var med i dette storarbeidet då me gifte oss. Fyrst fekk me oss plassen Huskop, som høyrde te Kulterstad. Der var me i trettan år. Eg vår denne tidi mykje burte på dagarbeid med vask, baking og veving. På plassen fødde me tvo kyr og fire småkrøter. Men det var slomint der, so det vart lite med korn og kantøffel. Husleiga var den same som for Flaten.

So flutte me te Nedre Dale. Her var me ti år. På Nordåk-Bakko var me so i tvo år, og på Dale att i tvo år. So kom me hit åt Moe. (Alle er heimar i Nord-Aurdal). Dei siste 35 åri har eg no vore her. Carl døydde for nokre år sidan. Han var ein hendig kar, som kunde drive med kva som fall. Alle vårar dreiv han med brotning. Han var endå brotningsformann. So var han koparslagar, knivmakar og gytlar. Teslutt var han feiar i NordAurdal. Men barneflokken var stor. Eg fekk fem born som er i live: Ivar Kolhuset, g. m. Marit i Prøvun frå Slidre, Tore som fór te Amerika, Olea, g. m. Torvald Tidemandsen, er hjå meg her i Moe med huslyden sin, Nils som er gift og bur i Sverike, og Karl som var g. m. Marit Alfstad. Dei hadde Fjellheimen hotell i Øystre Slidre. No har sonen det. Me «hekk» då på denne
årvande eigedomen og sleit oss i gjenom år for år. Eg gjorde våronni for at han Carl skulde koma ut på lønsamt arbeid. Um vintrane og vårane og elles når eg hadde ei liti stund, dreiv eg med binding og hekling, veving og spinning åt folk. Eg vov lereft, vadmål, verken, kjolety, tæpenvev, og alt som trengdest te klæde.

Mannen var ærleg og reidug i all si ferd. Var han skuldig nokon, gjorde han alltid upp. I heimen var han støtt godhjarta og snild, so me levde fint i saman. Gud vere takk for det gilde minnet eg har um han!

Eg har prøvt at det er lite å stole på det ein har, både eigedom og helse. Tvo kyr har eg mist, men verst var det med helsa eit par gonger. Ein gong låg eg i 22 vikor i giktfeber. Då var eg so utmagra at dokteren tvista på um eg skulde stade det. Ein annan gong fekk eg ein verk i hovudet, so eg låg i åtte vikor.

Um det har set myrkt og måteleg ut mang ein gong, so har Gud laga det so at eg har fått mykje å hjelpa meg med att.

Det er ei stor velsigning å kunne hjelpe seg sjølv, du!

No er eg glad ved kvar dag å kunne beda av hjarta ei bøn eg har lært:

”Gud giv oss mat foruten klage
og foruten skam og spott!
Slutte nådig mine dage,
da er allting vel og godt!”

*     *     *

Ein annan gong bar det te tala um gamal skikk og tru som knyter seg te mor og barn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *