Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden

Stulslivet i Lifjell i farne tider

Stulslivet var for folk i bygdene ein viktig del i eit gamalt økonomisk system, vakse fram gjennom hundrevis av år. Det gjaldt å nytte ut dei rike beiteressursane som ein kunne finne til fjells. Det var ei god og nødvendig utfylling til jordbruket nede i bygda.

Difor var det om å gjere å fø så stor buskap som råd var fram til sommaren, så det vart ikkje lite svelteforing. Det var dette som vart kalla «vårknipa». Buferdsdagen til fjells var ein stor festdag for folk og fe. Dyra dansa og sprang, og heile huslyden var med i glede på ferda.

På fjellet fann dyra det gode fjellbeitet, med det friske livet. Det er velkjent at fjellgraset er meir nærings- og vitamin-rikt, så mjølka vert feitare, rjomen tjukkare og fjellsmøret gulare og meir velsmakande.

Men det var ikkje berre dyra som hadde det godt og vart feite på stulen. For folket var det også godt med ei forandring. Mange kjende det som ei stor oppkveiking å koma bort frå det vanlege maset og slitet heime på garden, koma seg til fjells, til eit meir enkelt stell og større fridom med frisk stulskost i ein storslegen natur.

Det var nok ofte glede for dei unge jentene og konene, borna var og gjerne med, å ha så mykje nytt å stelle med. Og så kom mann eller kjærast eller unggutane opp om laurdagskveldane eller på sundagane. Det gav lyse og gode minne frå ungdomsåra med helgefred over seg. Dette nørde opp under fantasi og kjærleik. Ungdomen fekk smaken på fjellturar, og fekk styrka både kropp og sjel.

Bildet er kun et illustrasjonsbilde og er malt av Anders Zorn (født 18. februar 1860 i Mora, død 22. august 1920)

Men stulslivet var nok ikkje berre «laurdagskveldar» og solskinnsdagar. Ein kjenner og til somrane med regn og vind og surt ver, ja, endå snøfall både fyrst og sist på sommaren. Gjetinga var eit kapittel for seg, som særleg ungdomen og fattiggutar og jenter måtte driva med. Og når dei då kom heim frå gjetinga til stulen både gjennomfrosne og våte, måtte dei tenne opp i den gamle spissen med råved og dårleg dfag så den sure røyken slo ned. Bua var kanskje gissen og trekkfull, brisken hard og vond å liggja på med berre lyng og storrgras til underlag. Eller når kyrne ikkje kom heim til kvelds. Da måtte budeia eller gjetarguten ut i halvmørket i ulendet etter nautet som hadde forvilla seg bort. Regnet sila kanskje ned, og skodda kom sigande. Kanskje fann dei kua som hadde kalva ute eller broti eit bein. Eller det kunne gå som med budeia på Sonstul som fekk blodforgiftning i ein finger, og som til slutt kom på sjukehuset og fekk han teken av. Slikt kunne sjølvsagt hende heime og, men det var verre i fjellet, langt frå folk.

Stulslivet var såleis fyllt både av lyst og glede og herlege sommardagar, og av surt og sårt med slit og strev. Buferdsdagen heim var difor viktig og gild. Anne 0. Moen (f. Lia) på Gavlesjå fortel at ho såg meir fram til buferdsdagen heim enn til julaftan. Da skulle heile sommardrotten og stulskosten førast heim. Det skulle gjeva gode pengar til gardsdrift og levemåte utetter hausten og vinteren.

Dei som er unge i dag, får ikkje oppleve stulslivet i heimheiar og fjell om somrane slik som det var før. I Lifjell sat det folk kvar sommar på Gavlesjå, Aslakstul, Tjønnstul, Lindeburoe, Ulevatnar, Sonstul, Høllen, Grønbygjil og Myregvarv. Det er desse stulane som er omtala i denne bolken.

Etter 14 dagarsturen på heimstulane Våtmyr, Breistul, Løkjelia, Nystul, Skjeggestul, Grønkjær m.fl. drog buferdene omkring St. Hans-tider innover i Langfjella som dei gamle sa, til fjellstulane. Det var her dei var i to og ein halv månad med dyra sine, og det er desse vekene dei gamle hugsar som verkeleg har opplevd dette. Difor er arbeidet med stulane i Lifjell konsentrert om fjellstulane. I samband med dette kan heimstulane kome inn som eit moment som høyrer med, og difor er dei nemnt under dette.

Vidare kan det vere på sin plass å understreke at det stoffet ein har teke med i denne delen berre er meint å vere kulturhistorisk dokumentarstoff, slik at generasjonar som ikkje har opplevd dette, skal få ein glytt inn i ei tid som ein gong var. Eigedomstilhøve, deiler og meir eller mindre kontroversielle opplysningar er med vilje utelete.

Kjeldematerialet til arbeidet med stulane er grunna på intervju med eldre nålevande, skriftlege oppteikningar og gamle dokument. Etter kvart som arbeidet med dette stoffet skreid framover, vart det stadig klarare kor seint ein eigentleg er ute med denne «bergingsaksjonen». Mange av dei som skulle vere primærkjelder i dette arbeidet, er diverre borte. Av dei gamle som har opplevd stulslivet sjølve gjennom mange årtider, og som har vore til stor hjelp i dette arbeidet, bør nemnast Anne O. Moen (f. 1896), Gunhild Lia (f. 1898) og Anne Årmot (f. 1903).

Trass i slitet, det hugsar dei godt, så minnast dei sommaren på fjellet med glede. For ungar som fekk vera med på stulen i nokre veker på høgsommaren, vart det minne for livet. Det er mange samtaler med eldre som kan bekrefte dette. Eller kva skal me seia når me høyrer dei fortel om roturane på vatna medan sola skein og fisken vaka, fiskebetet i bekkjeosen i høljande regnver, eller funnet av ei bugnande gul moltemyr der ingen hadde vore!

Korleis stulane i Lifjell har blitt nytta dersom ein tenkjer seg fleire hundre år tilbake i tid, har ein få handfaste vitnemål om. Men viktig for gardane i Heddal har fjellet sikkert vore. Viddene er store, og kunne gje beite- for mange kyr. Meir eller mindre sikre kjelder i form av munnlege overleveringar og segner tyder på at det har vore grense-stridar mellom Heddal, Hjartdal, Bø og Seljord om eigedomsrett til stular, myrar og fjelirabbar. Beiteressursane vart svært høgt vurderte. Utmarksslått og slått på stulsvollane har trulegvis ikkje vore særleg utbreitt på Lifjell. Det er berre på Gavlesjåstulen og på Myregvarv at ein sikkert veit at det vart slege høy om somrane og køyrt ned til bygds med hest vinterstid. Derimot skal det ha vore vanleg å dele av stulsvollen i «hegnir» med gjerde slik at dei kunne gjødsle. Dyra fekk da beite på resten av stulsvollen.

Flytting av stulsstell og dyr frå vårstular til fjellstulen som var det vanlege i eldre tid, vart utetter dette århundret avløyst av ei spesialisering av stulsdrifta. Ofte flutte ein direkte til fjellstulen, og berre dei laglegaste stulane vart drivne. Fleire gardar slo seg saman i større drifter, og bølingen kunne bli på 80-100 dyr. Johans Vaa, som i mange år var driftekar på Sonstul, hadde slike drifter.

Buferda heim att foregjekk for dei fleste av stulane i Lifjell på krossmessdagen den 14. september. Frå gamalt av var denne dagen ein av dei viktigaste dagane i året for folk i bygdene. Difor var det ein viss tradisjon korleis dette skulle foregå. Kvelden før heimreisa drog vanlegvis karane opp til stulane med hestar og kløv for å fylgje feet heim, og for å føre all «sankinga» til bygds. Når karane kom til stuls, blei det glede og stemning. Kanskje blei dei møtt med sætersong og lurblåst. Den finaste og beste stulsmaten blei teken fram, slik som søt fersk ost med fløte, rjomegraut, prim og dravle. Der fleire stular låg nær kvarandre, samlast ungjenter og gutar for å ha det moro med leik og skjemt, helst under open himmel.

Tidleg neste morgon braut toget opp. Budeia fyrst med si reinskura og blanke rynje på armen. Ho skrangla med rynja og lokka på dyra sine. Kanskje var det denne gamle huldrelokken som hjalla mellom nutane når buferda gav seg på veg til bygds frå stulane i Lifjell:

Nå har eg elle mine kjyr i bondens beite.
Nersom Ringemann og Romann.
Kom elle mine kjyr!
Ringrei Rangrei Husprei Sprangrei
Denabot Svanebot Dropla Drøgna
Mjølin Frølin Haugros Jølin
Haugrei Lettfokk og Klauvrei
Vingebodt og Vibodt, Fribodt og Skattrei
og kyra Litagod

sae Huldra når ho lokka på kjyrne sine i fjellet.

Dyra byrja snart å forstå meininga. Dei gjorde store augo, byrja å raute, sette rova i veret og byrja å gå på rekkje og rad. Lengst bak gjekk dei tungt lasta kløvhestane og karane. I meisane var det fersk buferdsost, rjomegraut, prim og anna sætermat.

Heime var no grøda for året innhausta og kome inn i «lo’o». Etter mykje slit og harde tak kunne dei no roe seg ned, tenkje seg om og kvile. Difor passa det no godt at bølingen kom heim til gards med sitt bidrag til velstanden til beste for bonden. Med syngjande bjøller og rautande av full hals kunne bølingen høyrast lenge før dei nådde garden. Alle var glade når dei endeleg var framme. Kyrne som om våren var skrinne og utmagra, var no glinsande feite, kalvane hadde vakse og sauene hadde lang og fin ull. Minstejenta heime kjente knapt nok att gymrelammet sitt, så stort som det hadde blitt! Gleda var stor blant både store og små. Dei kjære dyra syns og ta del i gleda. Dei strauk seg opp etter husmora, og kanskje vanka det salt og mjøl.

På denne tida er det uro i bygda. Folk gjeng på vitjing til kvarandre, studerar buskapen, byttar og handlar og drikk kjøpskål. Ein drikk søt nymjølka mjølk. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at det smaka godt etter at dei har levd på mysu, prim og surmjølk heilt frå Jonsok til Krossmess. No kom stulsmaten på bordet, saman med raud og feit fjellaure, borna jubla over denne stasmaten. Til kvelds blei det koka ein tynn mjølkegraut som blei kalla buferdstukkje. Dersom det no var nokon av karane som kunne spela på hardingfele eller jentene på langleik, så sette dei seg på dynnehella og så var dansen i gang mellom slåttekarane som hadde vore heime og stulsjentene. Det skulle gjerast ære på stulsjentene som hadde utført sine saker på beste måte. Dei hadde gjort ein god sank, og dei hadde fått kvart eit kryp heim att friske og sterke.

Ho kunne med godt samvit syngje:

Me hev gjort kva gjera skulle,
ysta ost og kinna smær…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *