Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Stuslege tider


Bestemor mi var frå Bakkemoa ved Sjoa. Ho fortalde at ein haust var det så matlaust der, at da dei kunde ta til med skurden, tok dei eit godt kornband med seg heim om kvelden, og det vart ikkje kveldsvor fyk dei fekk banka utu kornet og male det på ei handkvern, så dei fekk mjøl til grauten.

Ein annan gong dei heldt på tok opp poteton, fekk dei mat på den måten at dei gjorde opp varme ved åkeren og steikte poteter på gløom.

I dessa låke årom henta dei elgsnever og heimuls og blanda i til mat.

Det måtte vera betre korn dei avla før. Når det var godt turka på tørstugu og male på ei bekkekvern, smaka mjølet mest som malt.

Det var folk frå Gamel-Sambu som bygde Ny-Sambu. Da dei skulde tøfte til stugbygnaden, fann dei ikkje fast grunn, så dei laut setja muren på flåtå. Men det vil ikkje bera huset, så det er noko urolog.

Skrivaren heldt til der på Ny-Sambu ei tid. Det er eit rom der som dei kallar skrivarstugu. Kanskje han berre heldt ting der. Det vart slik lukt av skrivaren at det har ikkje vore råd å få ho ut att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *