Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Sundag i Bestmorstova

Bestemor

I bestemorstova.
Illustrert av Odd R. Jørgensen i 1992.

Sundag som kvardag låg og sat bestemor i senga si. Laurdags-reingjeringa og sundagstrøya gjorde vel at det både lukta litt grønsåpe og såg litt meir «helg-aktig» ut i stova. Skilnaden var og at far gav seg meir tid til å vere inne denne dagen, og middagsluren tok han gjerne i reservesenga i Bestemorstova. Eg minnest ennå med gru eg vekte han ved å kille han under beina. Han viste seg aldri ordentlig sinna —ikkje denne gongen heller. Men orda, han sa, beit slik at eg gjorde det aldri opp att. Sameleis var det den gongen på loftssvala i tussmørket, då eg stod stille og venta på han med eit kvitt laken over meg. Det gjorde eg også for første og siste gong.

(NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde)
Historien fortsetter under bildet!

Når det lei litt på ettermiddagen, kom gjerne anten tante eller onkel på besøk til bestemor. Dersom det var tante, så sat ho bare å prata, men onkel las frå bibelen og song. Då sette han stolen midt på golvet, og så song han så tårene trilla ned over gamle bestemorkinn. Han hadde, som det heiter, fritt sitert etter Ibsen, «vært i sin ungdom en vilter krabat». Han hadde segla på Vest-Indien og fått stemninga høgt under taket med visesong og trall, også etter han kom heim til Norge. Etter ei personlig omvending var han blitt ein av dei leiande i kyrkje og bedehus. Men, som sagt: Nå heldt han sundagsandakt for bestemor, og etterpå skulle han tenne pipa. Det gjekk omstendelig føre seg. Først måtte krokpipa finnast fram frå ei av dei mange lommene. Så skulle han kontrollere om der var fri gjennomgang i pipa ved å suge og blåse kraftig eit par gonger. Var dette i orden, blei pipa lagt vekk til han hadde laga ferdig passelig mykje tobakk. Først blei skråtobakkrullen henta fram frå ei lomme, sidan fallekniven frå ei anna, og så var det å skjere lauvtynne skiver mens han heldt rullen i klypa, og plasserte den avskorne tobakken i venstre loven (inni handa). På ei eller anna underfull vis fekk han nå plassert tobakksrullen og kniven tilbake i kvar sine lommer. Venstre handa med tobakken måtte heile tida vere i ro, slik at ingen ting gjekk til spille. Nå måtte dei fine tobakksskivene gnurast til fin «kardus», og etterpå måtte peikefingeren på høgrehanda ta eit strøk mellom fingrane på venstrehanda — i tilfelle der skulle ha gøymt seg litt tobakk der. Tida var nå komen til at same peikefingeren kunne gjere jobben med å grave tobakken frå handa og inn i pipa. Pipa fekk nå plass i munnen, og begge hendene var fri til å utføre ritualet med tenninga, men dette skal vi ikkje gå nærare inn på. Kva som kom først, anten ein tilfreds sukk eller den første røykkvervelen, er eg ikkje heilt sikker på, men ein ting er i alle fall sikkert: Nå var det ordentlig sundag i Bestemorstova.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *