Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

 

Sundagsarbeid

Ein kjerring i Aurdal akta ikkje sundag mætare enn måndag. Ho batt og arbeidde sundagen lang, men um kvelden høyrde dei det ramla ned bundingstikkor og nyklor der ho hadde sete.

Etter ho var dø, var det ikkje skilleg roleg etter henne. Dei høyrde rammel av bundingsstikkor og dunk av nyklor då med.

– Skar ein seg, t. d. i ein fing, ein sundag, hadde såret ikkje so lett for å gro.

Datt det ein knapp or klædi ein sundag, og ein sydde han atti, skulde det dette or ein knapp næste sundag med. Dette ramma godt. Det var det mange som la merke te. –

Var det nokon som tok te å rettleie på noko ein sundag, lagdest det te noko den hin sundagen med. Difor skydde dei gamle alltid sundagsarbeid.

I den eldste tidi skydde dei å spinne laurdag og torsdag langt utover kvelden. Spann dei då, skulde ein koma te høyre rokken gå um natti.

*     *     *

Ein dag skal eg åt Moen og tinga eit par vottar åt meg sjolv, og eit sokkepar te kvar av smågjentone mine, av den fine, gamle rutebindingi hennar Ragndi. Ho var ikkje i rett godlag den dagen. Det var elles uvanleg. Den arbeidsglade Ragndi var mest alltid gladværug.

– Det blir hulter um hulter alt no for tidi, let ho. Med denne fluse velstanden er det ikkje alt so vel, måta! Det er meir um å gjera med hygge og trivsel. – Eg likar ikkje å sjå nokon dreg seg og ikkje vil arbeida. No er eg alt burti femte tjuge, men endå har eg ikkje vore arbeidslaus. Mange no er so dyre på arbeidet sitt, at det er ikkje ventande folk vil ha dei. Eg hugsar vel at spræke karar var burte for ei halv mark dagen. Og endå var arbeidsdagen dobbelt so lang som no. Mannen min var brøtningsformann, veit du. Han var so tidleg uppe at han gjerne gjorde eit stort arbeid heime for han fór på det vanlege arbeidet sitt. Men so går dei ofte med tom mage, mange av desse slengertar, som ikkje vil arbeide for høveleg løn.

Eg skjønte at det var god, sterk harme over notidi som låg i desse velmeinte ordi hennar Ragndi. No kom ho elles fort i godlag att. Eg tinga bundingsvarone. Då svara ho:

– Eg sit nett bind på eit vottepar eg vil gje deg. Og smågjentone dine skal få sokkar hjå meg med. ”Den eine æra gjere den andre fal”, sa dei gamle.

So bar det te tala um plantone og mangt anna.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *