Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

SVARHITTEN KAR

Den fyrste ordføraren på Voss, heitte David Hustvedt. Han var ein klok og lærd mann, og var vide kjend for sine kjappe og gode svar når nokon ville prøva å setja han fast. Eller om nokon ville vera så mykje betre enn andre. Til det siste kunne han seia:

– Da æ løye naor lusæ staor pao bakføtene å hosta.

Eller han kunne seia:

– Stort ská da væ om halva røvæ hengo ute.

Ein gong fekk ordføraren eit ærend på skrivarkontoret. Den nye skrivaren hadde nyleg overteke stillinga. Ordføraren hadde høyrt at skrivaren var reine storblåsaren som ville læra desse dumme «kniva-vøssene» folkeskikk. Litt av ein kjempekar skulle han og vera.

Ordføraren banka på kontordøra både 2 og 3 gonger.

– Kom inn! brølte endeleg ei grov røyst innafor.

Han steig inn og vart ståande ved døra, tok av skinnhuva og ordna litt på vadmålsdressen sin.

Skrivaren sat ved skrivebordet med ryggen mot men snudde seg ikkje. Best det var kom ein unggut smettande inn og la ei rekning på bordet framfor han. Skriveren tok tak i papirarket.

– Kva for noko, rekning fra Simon Olsen til — hm —hm! brølte han. — An varer kr. — heile 12, — ni og førti øre!

Sint stakk han papiret i lomma til guten og skreik ut:

– Gammel rekning betaler jeg ikke, og den nye lar jeg stå til den blir gammel. Forsvinn gutt! Neste!

Skrivaren vrengde hovudet halvt mot døra, der ordføraren stod.

– God dag, herr skrivar.
– Bonden står ved døren og lukter slik som hunden, sa skrivaren spitig.
– Kan so væ da, min gode skrivar, men vakje bonden, so svalt han ihel både skrivaren, futen og hunden! svara ordforaren.

Men då snur skrivaren seg heilt rundt og ser på nykomingen, og sa så blidsleg:

– Orsak, hvem er De?

– Å eg færo no læsto mæ å væ ordføraren pao Voss.
– Nei – nei – sier De det? Det var da hyggeligt å få hilse på Dem!

Skrivaren tek ordføraren i handi og seier flau:

– Men De må rett unnskylde det jeg sa, det var bare ment som en liten spøk fra min side, skjønner De.

– Takk som byr, å eg svara ein «grov-spøk» me ein «ikkje-spøk», sa ordføraren.
– Men hva kan jeg stå til tjeneste med, herr ordfører? sa skrivaren brydd.
– Ikkje noko særs, eg vilde bere innom å helse pao skrivaren, og sjao om da va noko te å fö pao.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *