Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966

Svartår og svolt

Ennå kan ein få høyra at gamle folk talar om svartår og svolt. Dei tri åra 1801, -02, -03, skulle ha vøri så harde. Verst vart det å berga seg over vinteren 1801. Mjølet slapp opp på dei fleste gardane. Det fanst ikkje såa att. Og på dei små og arme plassane vart det nok berre Svelt-i-hel.

Dei blanda saman rughalm, bjønnmose og bork, — og så mol dei dette og laga mat av. Men denne var nok ikkje helsesam, for dei vart gule i hamleten og trotna opp. Og så vart dei så makteslause. Gamle Fossengubben tala om at dei mest ikkje orka ta seg fram, men gjekk og sjangla som dei skulle vera halvfulle.

I 1808-1809 gjekk den eine farang etter den andre over bygdene, serleg var det mye tå blodsott. Og korn fanst det ikkje, dei laut heilt til Kongsberg etter dette. Dei måtte kløvja det på hestar denne lange vegen.

Ved jonsokleite 1812 fraus åkrane, så det vart grønfor tå alt. Millom Kongsvinger og grensa vart det berre moge korn på to gardar, og det var på Snesbøl og på Kongetorp.

Folk skar toppen av dei frosne lobanda og mol. — Rundt om på gardane nytta del furuborken i det vesle mjølet dei hadde. Da dei tok opp potetene denne hausten, så var dei så små som moltekarten. Fatigfolk gjekk og tigga om bein på gardane, og desse beina koka dei og mol til mjøl. Dette kunne dei så blanda med nokre mjølsåer, men stompen som vart laga av dette vart så skjør så han rauk sund. Borkebrødet var da mye likare.

Så snart snøen gjekk tå bakken om våren og det tok til å grønkast, var folk av stad og fann seg karvekål. Denne koka dei så til ein slags graut. Likeeins nytta dei syre.

Mye rart hende og under desse hardåra. Holtetgubben ved Nessjøen stemnde han Lars Sandbakken fordi han hadde tatt furetre i skogen hans. Han Lars hadde nytta borken av desse til mat. Karane møtte ved kommisjon, men dei vart ikkje samde, for han Lars meinte at han hadde ymse rettar i Holtet-skogen. Dg så bar det til tings.

– Hvor mange fyrretrær haver du hugget, Lars? spurde skrivaren.
– Å, det er full nåen…, svara han.
– Du skulle have taget det største fyrretræet du så, sa skrivaren, så haver det monnet lidt og ikke fældet så mange.

Men han Lars vart frikjend og fekk ta så mange tre som han hadde bruk for til mat.

Under hardår som fall inn under krigar med Sverige, var det dei som drap ungane sine. Dei tolde ikkje sjå at dei svalt. Såleis blir det fortalt at eit kvinnfolk på Bolskogen gjorde det av med dei fire små ungane sine. Ho hadde lokka dei med seg til underlåven. Og der hadde så denne stygge gjerninga gått for seg. Men hendinga kom for dagen, og dette fæle kvinn¬folket vart retta. Før dette skjedde, så spurde domaren henne:

– Hvad tænkte du paa da du udførte dette?
– Je tenkte itte på Gu hell Vondmannen.

Om denne segna skriv seg frå hardåret 1812, eller om det er fleire hundro år attende, er uvisst å seia.

Året 1837 var så kleint, men i 1860 skulle det ha vori verre. Det var slik regnsommar så kornåkrane gjekk ikkje fram. Det vart nokre små og elendige poteter utover hausten, men dei var så vassne. Dei flaut i gryta.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.