Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Svarte hundar møter fram

Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)

Det var ein mann nedi Bø som var so ut tå måten fæl te fylle seg. Ein dag dei drakk som verst, kom det ein svart hund og la seg under bordet, og dei trudde aldri dei skulde fått han utatt.

I ein gard her nedan Bakkin (Leinsbakken eller Svegjisbakkin) var det verre og ikkje betre. Ein joleeftan gjekk det so vidt at dei sette ut bordet og dansa inne heile natti. Når det vart for sleipt på golvet, strådde dei oske på. Karane hadde havt på seg våpenkjolane og munderingane sine. Det hadde dei no ikkje lov te, men det brydde dei seg ikkje det døyt um. Soldatane hadde munderingane sine på gardane i gamal tid, veit du.

Då leiken var som villast um natti, kom det ein ukjend, svart hund og la seg te på stabburshella. Når dei vilde jaga han burt, flekte han berre so stygt tennene. Dei fekk skilleg sjå kven dei tente!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *