Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Svarteboki gav rikdom

Ute i Aurdal budde det i smågjentedagane mine ein dei kalla Sve-in. Med han var liten, hadde han vore betlargut. Han hadde rakla kring gardane med posen og bede um mat.

Då han vart eldre, vart han fælande rik. Det skulde koma tå di at han hadde fått tak i svartekunstboki. Det var nok dei som hadde fornamt det at denne boki hadde vore med i spelet når han sanka seg rikdom. Men han var gavmild og godhjarta, sa dei. Han skulde ha sagt te kjerringi si:

– De fysste du ska gjera når de kjem inn fatifølk, e at du ska gje dei ei ølmoso. E ha vøri tå dei som ha sete venta på ei ølmoso sjøl, so e veit ko de har på se.

Det gjekk ut med ætti åt Sve-a. Å samle seg rikdom på slik måte som han gjorde, er nok ikkje rett!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *