Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

SVARTEDAUDEN I EIKJEN

Daa svartedauden kom til Eikjen, var der eit bryllup paa garden Eikjen.

Sotti kom visst vestantil, ho kom som ein skoddedott. Bryllupsfolki sat med bordet og aat. Der var tvo karar i laget som tok paa sprang austetter heidarne og fekk berga seg. Dei andre vart sitjande som dei sat, og der døydde dei.

Dei sat døde ikring bordet med ølskaalerne og maten fram-fyre seg, daa sotti var yver og det kom folk til dalen att og fann dei.
(Aaseral).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *