Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Svartedauden i Hjelmeland

Det var ein gong fyr lang tid sidan at det kom ein sjukdom til desse bygderne. Naar han fyrst var komen inn i ei bygd, daa spreiddest han fort utyver, og daa lagdest den eine etter den andre, og snart tok folket til aa døy. Det vart so fælt med lik at dei mest ikkje vanst paa aa grava deim ned etter kvart.

(Bildet er kun et illustrasjonsbilde)

I Hjelmelands sokn døydde alle so nær som tri mann; det var ein paa Foss, ein paa Tytland og ein paa Augland. Folki her får til heids fyr aa ryma ifraa pesten. Paa Augland var det ei gamall kona som ikkje vilde ifraa garden; men alle dei andre reiste av til Stølsbudalen, og der heldt dei seg ei heil tid. Mannen gjekk kvar dag heim paa eit leite og skulde sjaa um den gamle kona var i live. Sju dagar saag han at det rauk or skorsteinen; men den aattande var det ingen røyk aa sjaa; daa var ho slokna. Men dauden rokk visst til deim som var paa fjellet og; for mannen var den einaste som livde yver.

Daa sjukdomen kom til Aardal, var det ein mann som tok med seg tvo døtter og rymde til fjells. Dei heldt til der uppe, og mannen gjekk av og til fram paa ei nibba, heiter Skogabønibbo, og saag utyver dalen. Daa kunde han sjaa at det rauk or skorsteinarne, fyrst or dei fleste og sidan og færre, og sist paa saag han berre tvo rjukande skorsteinar. Langt um lengje gjekk han ned i bygdi att, og daa var mesteparten av bygdarfolket burt-døydde. Han vart ein fælande rik mann, og soleis var det i mange bygder, at dei som livde etter, vart rike folk. — Andre fortel det soleis, at etter svartedauden var det berre ein rjukande skorstein nedanfyr Valheims-leitet, og det var i Kyrkjebøen paa Austigard; der livde ei gjenta. Ein dag kom det til henne ein mann or ein onnor bygd, der alle var buddøydde utan han. So gifte desse tvo seg, og dei vart fyrste foreldri aat Aardals-buarne.

I seinare tider hev folket paa sume gardar aatt fælt mykje jordegods. Det skal koma seg av svartedauden, segjest det. Soleis var det ein mann paa Fister, heitte Ola; han var eigar av godset vidt ikring. Son aat denne Olav’en heitte og Ola og budde paa Bjelland. Fraa han hev kome ei ætt av Olavar som enno bur paa Bjelland.

Readers comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *