Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Svartedauden i Høgsfjord

Det var ein gong fyr lang tid sidan at det kom ein sjukdom til desse bygderne. Naar han fyrst var komen inn i ei bygd, daa spreiddest han fort utyver, og daa lagdest den eine etter den andre, og snart tok folket til aa døy. Det vart so fælt med lik at dei mest ikkje vanst paa aa grava deim ned etter kvart.

(Bildet er kun et illustrasjonsbilde)

Inne i Høgsfjord sopa svartedauden reint. Der vart attlivande ein mann paa Bergsagel, og han trudde lengje at han var radt aaleine. Men so ein dag gjekk han uppaa eit høigt fjell; for han vilde sjaa um der ikkje skulde vera tydning til folk. Daa fekk han sjaa røyk paa ein gard i Kolabygdi, og daa han kom heim til gards, var det ei gjenta som hadde livt yver sotti. Desse tvo flutte ihop, og dei var daa dei einaste som livde att i Høgsfjord.

Etter ei onnor forteljing var det so i Høgsfjord at ei gamall, skrukkutt og stygg kjerring fór kringuni i bygderne med ein stubbalime som ho sopa med i kvart eit luts. Vart det daa etterliggjande eit sandkorn eller noko, so løyvdest i minsto eit menneskje; men der som inkje vart etterliggjaude, der døydde kvart livet. Daa denne kjerringi kom til Kolabygdi, var det der eit mannslegt kvende som tok limen ifraa henne og jaga kjerringi burt med ein kolasnart. Daa var det ende paa magti hennar; difyr var det ingi bygd paa desse kantar som hadde so mange folk etter svartedauden. Det er den kolasnarten som bygdi skal hava namn etter.

Det er og fortalt at den fyrste som busette seg i Høgsfjord etter svartedauden, var ein sætisdøl. Han kom ned Dirdalsdalen, og fraa Dirdal fór han paa baat so langt som til Mæle ved Espedalselvi. Der gjekk han i land og fór uppetter dalen, vilde sjaa seg um. Daa fekk han sjaa ein svart stut uppi ein bakke, og so tykte han det rauk or ljoren i eit hus. Han gjekk inn der og fann ei halt gjenta som hadde livt yver sotti. Daa slo sætisdølen seg ned der; han gifte seg med denne halte gjenta, og dei fekk baade eit og fleire born. Ein son heitte Frafjords-Frane, den andre heitte Dyrendal, og den tridje Østabø-Skarken. Fraa desse skal dei nye folki i hette Høgsfjord vera ætta.

Del på sosiale medier

Readers comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *