Internt referansenummer: 19.02.10 – A
Kilde:
Sølvknappane (utgitt i 2001)
Av: Daniel Hoftun
(Klikk her for å lese ”Føreordet” til Sølvknappane)
(Klikk her for å lese diktet ”Ungkarsinteriør”)
(Klikk her for å lese om da Daniel Hoftun fikk Kulturprisen 2007)
ISBN 82-996123-0-6

 

Svartedauden i Suldal I

I Suldal trudde folk at Svartedauden var ei gammal kjerring som for bygda kring med ei riva i den eine handa og ein lime i hi. Der ho då bruka limen, der døydde alt. Men der ho raka med riva, fekk somt leva. For det var alltid eitkvart som vart liggjande att avdi det smaug mellom tindane.

Då sotta var kammen så langt opp i dalen som til Osen, då laut ho ha skyss over Lågen til Stråpa, men ingen var huga på å skyssa henne.

Så var det ein gammal mann som hadde komme på at han helst ville døy. Han baud seg til å skyssa. Han tok kistekleda på seg og rodde over etter kjerringa. Men då var ho så mild av seg at ho brukte riva på Stråpa. Den gamle mannen som hadde ført henne, fekk leva, og fleire med han.

På Berge døydde alt, så nær som ein liten unge. Ein dag kom ei ku ut på Vikebakkane og rauta så fælt. Då gjekk folk opp og ville sjå koss det sto til. Då fanst det ikkje andre folk levande på garden enn denne vesle ungen.

Berge

Fotograf ukjent.
Segna fortel at svartedauden tok med seg alle så nær som eit lite barn på Berge.

I Kvilldal var det ikkje meir enn tri rykande skorsteinar. Likeeins var det i dei andre kvervane. Berre ei hende stove stod her og der som det rauk av.

Torkel Mauland



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *